Søk tilskot til tiltak for pollinerande insekt

Foto: Gunnar O. Nilsen Pegon..

Humler, bier og blomsterfluer er blant dei insekta som pollinerer (bestøvar) ville blomar og noken avlingar. Du kan søke om tilskot til å betre livsvilkåra deira. Fristen er 15. januar 2021.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.12.2020

Tilskotsordninga skal medverke til å sikre eller betre leveområda for ville pollinerande insekt. Målgruppe for ordninga er grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkande organisasjonar, kommunar og institusjonar.

Du kan lese meir om ordninga og korleis du søker i elektronisk søknadssenter (Miljødirektoratet).

Det er Fylkesmannen som tildeler tilskot i Vestfold og Telemark.

Dette vakre opptaket er laga av fotograf Gunnar O. Nilsen, Pegon Film:

ID15252 - Engdroneflue Eristalis nemorum from Artsdatabanken on Vimeo.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.