Østersdugnaden startar opp 1. mai

Foto: Hanne Thoen SFVT

1.mai går startskotet for «Østersdugnaden i Vestfold og Telemark 2021». Østersdugnaden er ein folkedugnad for å redusera utbreiinga av stillehavsøsters på strender og i viktige naturområde.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.04.2021

Stillehavsøsters er ein uønska og framand art som har hatt ein eksplosiv vekst langs kysten. Det er neppe mogleg å fjerne arten heilt frå farvatna våre, men for å avgrense veksten til arten inviterer Vestfold og Telemark fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark til «Østersdugnaden», ein folkedugnad der alle kan bidra til å fjerne stillehavsøsters frå kysten. Prosjektet blir gjennomført i samarbeid med Oslofjordens friluftsråd og Grenland friluftsråd.

Gjennomføring

I 2020 vart det plukka over 30 tonn på 150 strender i heile fylket, og vi håper på ein liknande suksess i år òg. Gjennomføringa blir lik som tidlegare år, der Østersdugnaden bidrar med opplæring, rettleiing og utlån av nødvendig utstyr. Vi håper at mange privatpersonar, lag, foreiningar og bedrifter kan bidra med å plukke. Stillehavsøsters blir plukka for hand med enkelt utstyr som hanskar, eigna fottøy og bøtte eller nett.

Østersdugnaden bidrar òg til å frakte vekk plukka østers, enten på faste innsamlingspunkt langs kysten eller ved registrering på Østersdugnaden sine sider. Der kan alle enkelt registrere det dei plukkar og melde inn behov for henting av plukka skjel. Plukka østers i storleiksorden «trillebårlass» kan komposterast på eigen eigedom.

Østersdugnaden sine sider kan ein òg finne mykje nyttig informasjon om stillehavsøsters, enten det gjeld plukking, handtering av plukka skjel eller mattrygleik. Det er òg utarbeidd ein plukkeveileder som kan lastast ned frå nettsida.

Sårbare naturområde og verneområda

Det er stor overlapp mellom område med viktige naturverdiar og friluftsområde. Viktige bløtbunnsområder i strandsona og ålegrassamfunn er nokon av naturtypane som er sårbare for stillehavøsters.

Mange av verneområda som Statsforvaltaren forvaltar er viktige trekkområde for fugl, og forstyrringar i desse områda bør avgrensast til eit minimum i hekke- og trekktida. Østersdugnaden har eit eige opplegg på seinhausten/tidleg vår for kartlegging/plukking i verneområda.

I denne kartløysinga kan du sjå kor det er kartlagt viktige naturtypar og kor verneområda ligg.

Det er òg svært viktig at det skiljast mellom den nært trua flatøstersen og stillehavsøstersen når det blir plukka.

Smittevern

På grunn av korona-situasjonen blir det ikkje gjennomført opne dugnader inntil vidare. Det er likevel fullt mogleg å bidra i Østersdugnaden, og samtidig overhalde gjeldande smittevernråd. Vi oppforder alle som vil bidra i Østersdugnaden om å overhalde Folkehelseinstituttets gjeldande smittevernsråd for coronaviruset, som god handhygiene, halda god avstand til andre og å unngå større samankomstar.

Les meir om Folkehelseinstituttets gjeldande smittevernsråd her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontakt oss

Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding