483 kvadratkilometer natur er kartlagt

Skavgrass på kartlagt område i Slagen, Tønsberg
Skavgrass på kartlagt område i Slagen, Tønsberg Foto: Statsforvalteren i Vestfold og Telemark.

Fleire kommunar i Vestfold og Telemark har hatt besøk av biologar i sommarhalvåret 2021. Resultatet blei nyleg lagt ut i verktøyet naturbase.no.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.01.2022

Gjennom fleire år har Miljødirektoratet gitt statsforvaltarane i oppdrag å plukke ut område med natur som kunne vere interessante for kartlegging. Til no har ein prioritert pressområde, blant anna rundt dei store byane og i område med mange planlagde utbyggingsprosjekt.

I 2021 vart 483 kvadratkilometer i Holmestrand, Horten, Tønsberg, Færder, Tuddal, Seljord og Rauland kartlagd. Resultat av kartlegginga ligg no i kartløysinga Naturbase.no. slik at forvaltarar, kommunar, utbyggjarar og alle andre som har interesse lett kan gå inn og sjå på dataene.

Kartlegginga har medført ei rekkje nye naturtypar og registrerte artar i fylket. På landsbasis blei det blant anna kartlagt 6000 hole eiker! Totalt 2,8 % av Noregs areal er no kartlagt etter den nye metodikken som heiter NIN, Natur i Noreg.

Vil du sjå data i naturbase.no.?

  1. Gå til naturbase.no. 

     2. Klikk på «opne naturbase kart»

  1. Gå til venstre i toppmeny og vel «kartlagsliste»

  2. Zoom inn til området du vil sjå på

  3. Klikk på «Naturtyper, naturmangfald»

  4. Huk av på kartlaget «Naturtyper, Miljødirektoratets instruks»

Nå skal du kunne sjå på kva som er kartlagt. Klikk gjerne på fargelagt område, og du får opp ein boks. Her kan du ta ein titt på "fakatark" som fortel meir om kva som er funne.


Les meir på Miljødirektoratet sin heimeside: «Hjelper utbyggere å unngå truet natur»

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.