Verd å sjå om klima!

Illustrasjon frå Miljødirektoratet

Det skjer mykje spennande aktivitetar innanfor arbeidet med klima- og berekraft om dagen. I samband med dette vil vi tipsa om to særskilt aktuelle webinarar i juni, som omhandlar klimakrav i plansakar og kva klimaplan 2021-2030 betyr for kommunane.

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.06.2021

Den 8. juni frå kl. 10.00-11.00 arrangerer Miljødirektoratet eit webinar om korleis kommunar kan stilla klimakrav i reguleringsplanar og anna planarbeid? Kva rutinar/krav/sjekklister kan kommunane innføra? Det blir blant anna viste døme frå ein stor og ein liten kommune: Oslo kommune (plan- og bygningsetaten) og Enebakk kommune, og avsett god tid til diskusjon i etterkant.

I januar la Regjeringa fram ein plan for klimaarbeidet i Noreg fram mot 2030. Meld. St. 13 (2020–2021) presenterer politikken til regjeringa for å redusera klimagassutsleppa i perioden 2021-2030 i tråd med Noregs klimamål og i samarbeid med EU. Eit sentralt element i planen er politikk for å kutta dei ikkje-kvotepliktige utsleppa (utslepp frå transport, jordbruk med meir) med 45 prosent innan 2030. Men kva betyr denne planen for kommunane? Den 15. juni frå kl. 10.00-11.00 vil statssekretær Kjartan Alexander Lunde i Klima- og miljødepartementet orientera om klimaplanen og kva den kan bety for kommunane. Innlegget er tilrettelagt for tilsette i kommunane og lokalt folkevalde.

Påmelding

Det er gratis å delta på begge webinar, men du må registrera deg i forkant. Påmelding via Miljødirektoratets nettstader her: https://app.livestorm.co/miljodirektoratet/

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.