Tilsyn

Statsforvalteren fører tilsyn med at verksemder følgjer krava i forureiningslova med forskrifter.  Vi kontrollerer utslepp til luft, vatn og grunn og korleis avfall og kjemikaliar blir handtert.

Vi kontrollerer ved å gå gjennom dokumentasjon og snakke med tilsette. I tillegg sjekkar vi ute på anlegget at det vi har fått vite i dokument og intervju stemmer med det vi ser.

Tilsynsaksjonar

Mange av tilsyna inngår i aksjonar, enten landsdekkjande eller regionale. Aksjonane vert gjennomførte av Miljødirektoratet eller Statsforvalteren.

Tilsyn der risikoen er størst

Vi kontrollerer der det er størst risiko for verknad på miljøet. Tema i dei fleste tilsyna er prioriterte miljøgifter, handtering av farleg avfall og kjemikaliar, forureining og internkontroll.

Oppfølging etter tilsyn

Vi følgjer opp alle tilsyna der vi har avdekka brot på regelverket. Vi gir ein tidsfrist for å rette opp avvika. Ved manglande tilbakemelding vert det varsla tvangsmulkt.

I tillegg kan vi følgje opp med strengare reaksjonar ved alvorlege brot.

Informasjon

Du kan finne meir informasjon om tilsyn på Miljødirektoratet sin heimeside.

Rapportar etter tilsyn ved verksemder med utsleppsløyve vert lagt ut på nettstaden Norske utslipp. 

 

Kontakt oss

Fagsjef Forurensning:
Siv Hege Wang Grøvo
Telefon 33 37 23 18

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding 

Kontakt oss

Fungerende direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding