Miljøvennleg bestikk

Ta med deg bestikk som kan brukast fleire gonger når du skal på tur. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Ta med deg bestikk som kan brukast fleire gonger når du skal på tur. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

Nokre gonger er det greitt å ha med bestikk, f.eks når matpakka skal nytast på skule eller jobb, ute på tur eller kanskje på ferie. Dropp eingongs og ha med deg bestikk som kan brukast fleire gonger.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.06.2021

Frå 3. juli vert det forbode å omsetja ei rekke eingongsprodukt i plast.

Vil bidra til mindre forsøpling av plast

Mange av produkta som blir forbodne hamner som søppel på norske og europeiske strender. Forbodet kan medføre at bruken av plastartiklane vert redusert med 1,9 milliardar einingar eller 3.600 tonn årleg i Noreg.

Produkta det gjeld:

  • bestikk
  • tallerkenar
  • sugerøyr
  • ballongpinnar
  • røyrepinnar og bomullspinnar i plast
  • matbehaldarar
  • drikkebeger og drikkevaremballasje av isopor

Forbodet gjeld ikkje for bomullspinnar og sugerøyr til bruk som medisinsk utstyr.

- Forbodet, som omfattar heile EU, vil bidra til betydeleg reduksjon i forsøpling av plast i naturen, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Les meir om saka på heimesida til Miljødirektoratet.

Frå 3. juli blir det forbode å omsetja ei rekke eingongsprodukt i plast. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Frå 3. juli blir det forbode å omsetja ei rekke eingongsprodukt i plast. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

Ein milepæl for miljøet

Plastforsøpling er eit av det raskast aukande miljøproblemet i verda, og plasten truar alt dyreliv så vel som helsa til menneske. I Noreg hamnar 8400 tonn plast i naturen kvart einaste år. Det utgjer to kilo per person, som er seks gongar høgare per innbyggar enn i Sverige og Danmark.

- Sjølv om det meste av eingongsplasten blir handtert i avfallssystemet og ikkje kjem på avvege, vil forbodet redusera forsøpling og skader på dyreliv og miljø. Det er dessutan dårleg utnytting av ressursar å bruka eit produkt berre éin gang, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Marin forsøpling er både eit lokalt, nasjonalt og globalt problem, som kryssar landegrenser og havområde.

Les meir om forbod mot eingongsplast på regjerninga.no 

 

Mye rart å finne på en strandryddedag. Foto: Statsforvalteren i Vestfold og Telemark
Mye rart å finne på en strandryddedag. Foto: Statsforvalteren i Vestfold og Telemark

 

Ryddedag på Stranda naturreservat i Porsgrunn. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Ryddedag på Stranda naturreservat i Porsgrunn. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontakt oss

Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding