Regionalt miljøtilskot i jordbruket (RMP-tilskot)

Rettleiingshefte for regionalt miljøtilskot i Vestfold og Telemark er no ferdigstilla. Rettleiingsheftet blir sendt ut i ein bladbar elektronisk versjon til bøndene i fylket i veke 36.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.08.2021

Alle tilskotsordningane er forklart i rettleiingsheftet, og det går fram kva vilkår som er knytt til kvart tilskot. Ta kontakt med landbrukskontoret i kommunen om du likevel har spørsmål om tilskota.

Rettleiingsheftet og meir informasjon om RMP-tilskot ligg på nettsida til Statsforvaltaren.

Søknadsfristen er 15. oktober (same dag som søknad om produksjonstilskot). Det er mogeleg å søkje elektronisk gjennom Altinn frå 15. september.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.