Sommarsnakk med Matgledekorpsene

I sommar vil matgledeskorpset.no presentera alle matgledekorpsmedlemmene i landet, og no er det Vestfold og Telemark si tur, representert ved Liv-Grethe Ekre.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.07.2021

Matgledekorpsa finst no i fem fylke. Dei består av fagfolk med ulik bakgrunn som kokk, ernæringsfysiolog, hotellfag eller helsepersonell. Saman inspirerer dei tilsette i helse og velferdssektoren til å løfte mat- og måltidsglede. Måltida skal oppfattast som trivelege og velsmakande for både dei som bur på institusjon og dei som får servert mat heime. Matsvinn er ein del av arbeidet til matgledekorpset, og fokuset på å eta opp og utnytta råvarene er ein viktig del av det heile.

Liv-Grethe er opptatt av den gode drikken til måltid, men også til å sløkka tørsten mellom måltida. Det er meir enn raud og gul saft seier ho. Eit enkelt tips er å frysa nokre terningar med eplemost og putta dei i ein mugga med vatn. Då held vatnet seg kjølig, samtidig som det gir ein frisk og god smak.

Sjå meir på Matgledekorpset.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.