Nei til konsesjon

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark avslår søknad frå Bjertnæs & Hoel AS om kjøp av Vermeli gnr 22 bnr 4 m.fl. som tilleggsareal.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.06.2021

Det er eit nasjonalt mål at landbrukseigedomar i størst mogleg grad blir eigd av fysiske personar, då dette har vist seg å være ei stabil og rasjonell eigarform. Konsesjonslova opnar likevel for at det kan bli gjeve konsesjon til aksjeselskap dersom dette byr på fordelar for konsesjonseigedomen. Statsforvaltaren kan ikkje sjå at dette gjer seg gjeldande i dette tilfellet. Fordelane som låg til grunn for kommunen sitt vedtak gjaldt aksjeselskapet. Statsforvaltaren har også merka seg at prisvurderinga ikkje er gjort etter retningslinene frå Landbruks-og matdepartementet.

Bjertnæs & Hoel AS søkte konsesjon ved erverv av ubygd eigedom på ca. 224 dekar fulldyrka jord og ca. 524 dekar produktiv skog i Tønsberg kommune. Det vart i søknaden opplyst at verksemda vart organisert som eit aksjeskap ut i frå eit ønske om å redusere risiko samt oppnå eit klart skilje mellom familie og drift. Tønsberg kommune ga konsesjon til Bjertnæs & Hoel AS på vilkår. Vedtaket vart grunna med at det var nødvendig at aksjeselskapet sto som eigar av eigedomen for å gi økonomisk tryggleik ved utvikling av selskapet Bjertnæs & Hoel AS. Vedtaket vart klaga på av Vestfold bondelag, og oversendt Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark for avgjerd.

Statsforvaltaren viste i sitt vedtak til at det er eit nasjonalt mål at landbrukseigedomar i størst mogleg grad blir eigd av fysiske personar som sjølv bur på og driv eigedomane, då dette har vist seg å være ein stabil og rasjonell eigarform. Konsesjonslova opnar likevel for at det kan bli gitt konsesjon til aksjeselskap dersom dette byr på fordelar i forhold til tradisjonelle eigarformer. Fordelane må være knytt til landbruksdrifta på eigedomen, og det er normalt ikkje nødvendig å overføre ein rein landbrukseigedom med jord- og skogareal til eit aksjeselskap for å sikre framtidig drift. Då dei fordelane som låg til grunn for kommunen sitt vedtak berre gjaldt aksjeselskapet, samtidig som prisvurderinga ikkje var gjort etter retningslinjer frå Landbruks- og matdepartementet, var ikkje vilkåra for rett til konsesjon oppfylt. Tønsberg kommune sitt vedtak vart derfor gjort om.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.