Oppdaterte tal for nedbygging av jordbruksareal i fylket i 2020

Den ferske statistikken er presentert gjennom KOSTRA, dei førebelse tala frå mars vart stadfesta 15. juni som endelege tal for året 2020. Trenden er stabil, men tala uroar likevel innanfor fleire av kommunane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.03.2021, Sist endra 25.06.2021

Tala syner at Vestfold og Telemark bygde ned om lag 270 daa dyrka jord i 2020. Ser ein dette saman med den dyrkbare jorda, areal som er eigna til oppdyrking i framtida, ser ein at det totalt vert omdisponert 400 daa dyrka og dyrkbar jord i fylket i 2020.

Året 2020 er fyrste gong statstikken er presentert samla for Vestfold og Telemark. KOSTRA gir statistikk for kommunane og detaljerer på føremål til nedbygging. Her ser ein at både Tønsberg og Sandefjord bygde ned omlag 111 daa og 100 daa dyrka mark i 2020. Ser ein dette saman med nedbygging av dyrkbar jord, stod desse to kommunane for over halvparten av all nedbygging i 2020 i fylket. Vinje syner til ei omdisponering på totalt 62 daa, kor dyrkbar mark utgjer om lag 50 daa og er såleis den tredje største kommunen på omdisponering. For kommunane er det anna bruk enn landbruk som er føremålet, det vil seie at arealet har gått varig ut som jordbruksareal og framtidig jordbruksareal.

Vi merker oss at omdisponering til bustadutbygging på dyrka jord syner totalt 50 daa i fylket, og legg vi til den dyrkbare jorda er det om lag 70 daa som er nedbygd til bustadføremål. Særleg er det Sandefjord, Porsgrunn, Notodden og Kviteseid med areal mellom 10 og 20 daa. Desse sakene kan være eldre planar som først er vedteken i 2020, men føringane er tydelege på at samfunnsomsynet bak omdisponeringa må vegast høgt og vi ventar at desse tala er svært låge i åra framover. For fritidsbustadar er føringane tilsvarande og vi ser at Vinje har mellom anna bygd ned 20 daa dyrkbar jord til fritidsføremål.

Dei nasjonale tala syner at det vart omdisponert 4675 daa dyrka jord i 2020. Det nasjonale jordvernmålet har sett forventing om årleg omdisponering av dyrka jord under 4000 daa. Sidan jordvernmålet kom i 2017 har ein nådd dette målet kvart år, men i 2020 vart det høgare i nasjonal målestokk. Den nye framlagte jordvernstrategien set nå mål om 3000 daa innan 2025, og syner at ein skal jobbe for ei ytterlegare skjerpa omdisponeringsstrategi. Link

Bak tala i fylket er ein uroa for trenden på nedbygginga. Omdisponeringa er på mykje av den beste jorda i dei beste klimaområda, samstundes er det nedbygging utanfor dei stor byane. Vi treng jorda til ulike type produksjonar i heile fylket, der ein kan dyrke korn og grønsaker er det viktig og der ein kan dyrke gras og utnytte beite er det like viktig. FN sine berekraftmål er del av det heile og set fokus på matberedskap og berekraftig bruk av areala over heile landet. Det er svært viktig at ein ser etter alternativ til å byggje ned jordbruksareal; gjenbruk av areal og effektiv arealbruk er blant dei viktigaste grepa for å hindre ei slik utvikling.

Tabell 1: Tabellen syner omdisponering av dyrka og dyrkbar jord for kvar kommune og totalt for fylket i 2020.

 

Summer av Areal  (dekar)

Status jord

   

Kommune

Dyrka jord

Dyrkbar jord

Dyrka og dyrkbar jord i alt

3801 Horten

0,5

7,8

8,3

3802 Holmestrand

0

0

0

3803 Tønsberg

111,1

20,3

131,4

3804 Sandefjord

99,9

0

99,9

3805 Larvik

7

0

7

3806 Porsgrunn

0

20,8

20,8

3807 Skien

3,6

16,2

19,8

3808 Notodden

18,8

7,5

26,3

3811 Færder

0

0

0

3812 Siljan

0,2

0

0,2

3813 Bamble

0

0

0

3814 Kragerø

1,4

0

1,4

3815 Drangedal

1,2

0

1,2

3816 Nome

0,7

0

0,7

3817 Midt-Telemark

1

0

1

3818 Tinn

0

0

0

3819 Hjartdal

2

0

2

3820 Seljord

2

0

2

3821 Kviteseid

9,2

6,5

15,7

3822 Nissedal

2,5

0

2,5

3823 Fyresdal

0

0

0

3824 Tokke

0

0

0

3825 Vinje

11,8

50,1

61,9

Totalsum

272,9

129,2

402,1

Sjå også på sida "Kart og statistikk".

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.