Opnar for innreise for sesongarbeidarar i landbruket

Så langt under korona-nedstenginga har det berre vore arbeidsfolk frå EØS-land som har hatt løyve til å reise til Noreg for å jobbe som sesongarbeidarar i landbruket. Men no utvidast dette høvet også til såkalla «tredjeland». For mange av desse landa krevjast det også visum for å komme inn i Noreg.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.05.2020

Årleg kjem ca. 3 000 sesongarbeidstakarar til norsk landbruk frå tredjeland, ein stor del frå Ukraina, Vietnam og Filippinene. Mange av desse er nøkkelpersonell i drifta der dei jobbar og med ein kompetanse som er vanskeleg å erstatte. Opninga for innreise er viktig for å sikre produksjon og leveransar i grøntsektoren. Parallelt har det også vore jobba for å kunne bruke norsk arbeidskraft.

Sjølv om det opnast for at sesongarbeidarar i landbruket no kan reise inn i Noreg, vil det kunne være praktiske utfordringar knyt til gjennomføringa av dette, for eksempel er dei fleste av Noregs visum-søknadssentre i utlandet inntil vidare stengt, og det er avgrensa flytrafikk. Alle sesongarbeidarar frå andre land må i karantene når dei kjem til Noreg. Det er snart på plass ein rettleiiar for dette. For meir informasjon, sjå her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.