Risikoavlastning for produsentar av grønt, frukt og bær ved mangel på arbeidskraft

Noregs Bondelag, Noregs Bonde- og Småbrukarlag og staten har i dag blitt einige om utforminga av utviding av avlingsskadeordninga for jordbruket. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.04.2020

Ordninga vil no også omfatte avlingssvikt som følge av mangel på arbeidskraft. Målet er å skape tryggleik slik at produsentane set i gang produksjonen no i vår og sikrar norsk produksjon.

Utvidinga av ordninga inneber at det kan gjevast erstatning for ikkje hausta volum av frukt, bær, grønsaker og poteter dersom føretaket kan dokumentera at ein ikkje fekk hausta avlinga som følgje av mangel på arbeidskraft forårsaka av koronapandemien. Erstatning kan også utbetalast dersom arbeidarar er på plass, men at dei ikkje kan hauste avlinga på grunn av restriksjonar. Ordninga gjeld også veksthusproduksjonar der ein nyttar manuell arbeidskraft. Den maksimale utbetalinga er heva til 2 mill. kr, eigenrisikoandelen er 30 % og eksisterande vekstgrupper vert vidareført. Ordninga gjeld sesongen 2020.

Landbruks- og Matdepartementet vil gjere naudsynte endringar i «Forskrift om erstatning ved klimabetingede skader mv. i plante- og honningproduksjonen» i neste veke. Landbruksdirektoratet vil sende naudsynte endringar i forskrifta på høyring og deretter om kort tid sende ut rundskriv om ordninga. Organisasjonane som tek vare på interessene til produsentar av grønt, frukt og bær, er opptekne av at endringane som gjerast i forskrifta og utvidinga av ordninga må vere nyttig for næringa og opplevast som ei reell risikoavlastning. Det er difor viktig å vere aktive med innspel i høyringsperioden for å sikre at ordninga treff så godt som råd er.

For meir informasjon, sjå her

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.