E-læringskurs om mat- og måltidsgleder

Foto: Stiftelsen Norsk Mat
Foto: Stiftelsen Norsk Mat

Det er utvikla eit e-læringskurs for å inspirera til auka mat- og måltidsglede hos eldre. Kurset kjem frå prosjektet "Matgledekorpset", men blir no òg tilbode til alle Inn på tunet-gardar som tek imot eldre.

Publisert 16.09.2021

Du kan lesa meir om kurset på nettsida til Matgledekorpset eller på Inn på tunet-sida hos Stiftelsen Norsk mat.

Som Inn på tunet-tilbyder med målgruppe eldre kan du få gratis tilgang til e-læringskurset. Kvar gard kan få inntil to lisensar. Send e-postadressa til matgledeskorpset@lmd.dep.no så vil de motta lisensar til kurset «Mat og måltidsglede» direkte.

 

 

 

 

Kontaktpersonar