Produksjonstilskot – viktig melding om § 4 i forskrifta

Landbruks- og matdepartementet har informert om at det er sett i gang eit arbeid me då revidere § 4 tredje og fjerde ledd i forskrift om produksjons- og avløysartilskot. I påvente av at dette arbeidet vert ferdig, ber departementet landbruksforvaltinga om å avvente praktisering av § 4 tredje ledd og fjerde ledd. Landbruksdirektoratet presiserer at dette òg gjeld for søknadsåret 2020.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.01.2021

Landbruks- og matdepartementet skriv at svekking/skjemming av kulturlandskapet etter § 4 tredje ledd og brot på krav om vegetasjonssone i § 4 fjerde ledd, i mange tilfelle òg er regulert av anna regelverk. Viss omsynet til kulturlandskapet og/eller vegetasjonssonar ikkje er overhalde, og forutsett att anna regelverk er brote, skal tilskotet vurderast avkorta etter § 11 i perioden fram til revidert § 4 har trådd i kraft.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.