Saker som gjeld eigedom

Les meir for saker som er avgjort av Landbruksdirektoratet i april 2022

Publisert 05.05.2022
  • Ei sak gjaldt vurdering av driftseining på ein eigedom i Agder. Statsforvaltaren vurderte at registereiningane var ein driftseining, og Landbruksdirektoratet fann ikkje grunn til å gjere om på vurderinga. Ei av einingane som var på "samme eierhånd» var eit sameige, resterande registereiningar var eid aleine av same person/dødsbu.

  • Ei sak gjaldt konsesjon på ein eigedom i Trøndelag, og kva som skulle til for at kommunen kunne leggje til grunn at det fantes andre som hadde interesse for eigedomen.

  • Ei anna sak gjaldt deling av ein landbrukseigedom i Agder. Grunneigar ville dele eigedomen som ledd i generasjonsoppgjer, og fekk løyve frå kommunen. Bondelaget klaga. Statsforvaltaren la til grunn at Bondelaget, som største næringsorganisasjon i landbruket og i lys av organisasjonens formål, hadde rettsleg klageinteresse i saken. Statsforvaltaren gjorde om kommunen sitt vedtak, og nekta løyve. Det ble vist til at landbruksomsyn og presedensomsyn blei vurdert til å veie tyngre enn klagar sitt behov for deling. Landbruksdirektoratet fann ikkje grunnlag for å gjere om på Statsforvaltaren sitt vedtak.

  • Ei sak frå Innlandet gjaldt søknad om deling der kommunen var kjøpar. Statsforvaltaren ga avslag på søknad om deling. Landbruksdirektoratet ga ikkje medhald i klaga, og viste til at delinga vil føre til eit vesentleg ressurstap for resteigedomen, som blei redusert med over 89% areal. Ein gjennomsnittleg ressurssterk landbrukseigedom ville då bli sittande igjen med eigedomen sitt tun og bygg, samtidig som eigedomen har 26 dekar fulldyrka jord og 75 dekar produktiv skog. 

Ta kontakt med Elisabeth Hammer dersom dykk ønsker å få dokumenta tilsendt.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar