Førehandsvarsel - Søknad om utfylling og peling ved Moloveien i Horten

Høyringsfrist:
28. april 2021

Føremålet med tiltaket er å etablere ny kai for elektriske droneskip som skal seile strekningen Moss-Horten, ei transportåre mellom lager tilhøyrande Asko.

Publisert 07.04.2021

På vegne av Asko Maritime AS søkte Norconsult AS den 3.5.2021 om løyve etter forureiningsregelverket til peling og utfylling ved Moloveien, gbnr. 125/280 og 125/298 i Horten kommune.

Føremålet med tiltaket er å etablere ny kai for elektriske droneskip som skal seile strekningen Moss-Horten, ei transportåre mellom lager tilhøyrande Asko. Utfylling og peling ved landtaket skal uførast frå land. Dei tre støttepunkta lengst ut skal settast frå lekter. Pelane skal ned til et djup på 39-66 meter. Massane som blir tatt ut av pelane vil bli levert til lovleg avfallsanlegg. Erosjonssikring ved landtaket skal etablerast med betongmadrass og sikring i botn med stein.

Sjøbotnen ved tiltaksområdet har blitt analysert for miljøgifter, og konsentrasjonar er samanlikna med grenseverdiar i Miljødirektoratets rettleiar M-608|2016. Området er undersøkt ved 3 stasjonar som kvar består av 4 prøvepunkt. Resultata viser konsentrasjonar av miljøgifter tilsvarande tilstandsklasse V (svært dårleg) ved tiltaksområdet.

I Miljødirektoratet sin Naturbase (kart.naturbase.no) kjem det fram at tiltaket det er søkt om, ikkje vil få følgjer for registrerte naturverdiar.

 

Eventuelle merknader til søknaden kan du sende innan 28.04.2021 til:

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no