Aaltvedt betong AS søker om endring i løyve etter forureiningslova

Høyringsfrist:
23. september 2020

Aaltvedt betong AS søker om ei permanent løyve til produksjon av miljøbrikettar på Røra industriområde i Skien kommune.

Publisert 20.08.2020

Aaltvedt Betong AS fekk den 8. februar 2019 løyve av Fylkesmannen til prøveproduksjon av miljøbrikettar. Aaltvedt søker om permanent løyve til produksjon av 300 000 tonn miljøbrikettar basert på innsatsmateriale frå inntil 130 000 tonn glødeskall og metallbaserte innsatsmateriale inkl. mangan og 20 000 tonn baserte på aluminiumsoksidar. Innsatsmaterialet kjem frå ulike typar sidestrøymer med fin partikkelstorleik frå metallurgisk- og prosessindustri. Verksemda støyper desse om til brikettar som industrien kan nyta til erstatning for nytt materiale.

Utslepp frå produksjonen vil omfatte betongstøv og ammoniakk. Dei søker om utslepp av inntil 4,3 tonn ammoniakk til luft (1,5 kg/time midla over 1 veke). Analysar utførte under prøveproduksjon viser at det kan forventast eit utslepp av ammoniakk på opptil 1240 ppm frå dei to punkta for utslepp. Verksemda søker også om utslepp sjø i form av vaskevatn frå vasking av blandingsanlegg. Utslepp av vaskevatn vil berre skje når dette ikkje let seg føre tilbake i produksjonen. Aaltvedt forventar ikkje at utsleppa vil gi  særskild verknad på miljøet for omgivnadene. Det blir opplyst at det ikkje er registrert luktplager i samanheng med prøveproduksjonen. Produksjonen vil i skje inne på Aaltvedt sitt anlegg på Røra industriområdet i Skien kommune.

 

Eventuelle merknader til søknaden sendast innan 23.09.2020 til:

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, Postboks 2078, 3103 Tønsberg
eller på epost til fmvtpost@fylkesmannen.no