Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Søknad om mudring og utfylling i Tveitvann – Kristiansand kommune

Høyringsfrist:
26. august 2020

Fylkesmannen i Agder søker om løyve til mudring og utfylling i Tveitvann i Kristiansand kommune. Føremålet med tiltaket er å legge til rette for skjøtsel. Fylkesmannen i Vestfold og Telemark er settesfylkesmann for saka.

Publisert 05.08.2020

Fylkesmannen i Agder søkte den 04.06.2020 om løyve etter forureiningsregelverket til mudring og utfylling i Tveitvann i Kristiansand kommune. Føremålet med tiltaket er å legge til rette for skjøtsel, med formål om å ivareta Tveitvann naturreservat ved å redusere påverking av gran. Det er behov for mudring ved to lokasjonar, Støa og Nordsia, for å kunne bruke lekter til transport av maskiner og tømmer. Ved de same lokasjonane er det i tillegg behov utfylling for etablering av berekonstruksjon for lessing/lossing av skogsmaskiner og utstyr på lekter.


Det søkast om å mudre 300 m2 ved Støa (nord) og 280 m2 ved Nordsia (sydøst), med eit totalt masseuttak på 250m3. Mudringsdybde er 20 cm til 1 meter. Det skal nyttast reine steinmassar til utfylling over areal på 42 m2 ved Støa og 292 m2 ved Nordsia.


Det søkast om å skyve massane til sidene, for så å tilbakeføre massane. Steinfyllingane skal tas opp etter avslutta prosjekt. Det leggast opp til å nyttast siltgardin under arbeida. Arbeidet skal utførast med gravemaskin frå lekter og frå land. Anleggsperioden er estimert til 2 -3 månader, med ønsket oppstart i slutten av august.


Sjøbotnen i tiltaksområdet er blitt analysert for miljøgifter ved 2 stasjonar. Resultata viser konsentrasjonar av miljøgifter tilsvarande tilstandsklasse IV (dårleg), jf. klassifiseringssystem for sediment (02:2018).


I Miljødirektoratets Naturbase (kart.naturbase.no) kjem det fram at tiltaket det er søkt om ikkje vil røre registrerte naturverdiar.


Klima- og miljødepartementet har delegert myndigheit til Fylkesmannen i Vestfold og Telemark for behandling av søknaden etter forureiningsregelverket i brev av 22.06.2020.


Eventuelle utsegner blir sende til Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg eller på epost til fmvtpost@fylkesmannen.no innan 26.08.2020