Gravplassmyndigheit

Oppdatert 22.03.2022

Statsforvaltaren er regional gravplassmyndigheit frå januar 2021. Oppgåvene for heile landet er samla hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.

Stortinget har vedteke ny lov om tro og livssyn og revideringar i gravplasslova.

Med den nye lova er oppgåvene til Statsforvaltaren:

  • saksbehandling etter gravplasslova og gravplassforskrifta, som godkjenning av gravplassplanar og lokale vedtekter for gravplassar
  • gje innspel til arealplanar som vedkjem gravplassar 
  • klagebehandling
  • rettleie lokale gravplasstyresmakter om gravplasslova og gravplassforskrifta.

Gravplassrettleiaren er laga for å hjelpe instansar med myndigheit innan kremasjon, gravferd og gravplass. 

På nettsida til Statsforvalteren i Vestfold og Telemark finn du meir informasjon, nyhende og ressursdokument.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.