Videregående kurs i økonomisk rådgiving

Dato:
8. juni 2021 08:30 - 9. juni 2021 15:00
Stad:
Digitalt – nettmøte i Teams
Arrangør:
Statsforvaltarane i Trøndelag og Vestland, i samarbeid med statsforvaltarane i Troms og Finnmark, Nordland, Møre og Romsdal og Rogaland
Målgruppe:
Økonomiske rådgjevarar og gjeldsrådgjevarar i Nav
Påmeldingsfrist:
6. juni 2021 23:59

Statsforvaltarane inviterer til digitalt vidaregåande kurs i økonomisk rådgjeving 8-9. juni 2021. Det vidaregåande kurset er for deg som arbeider med økonomisk rådgjeving eller gjeldsrådgjeving i Nav. Du kan melde deg på kurset no.

Publisert 01.02.2021

Målet med dette kurset er å sikre at tilsette som arbeider meir spesialisert med økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving har tilstrekkeleg kompetanse til å gje god rådgjeving og i meir komplekse sakar.

Kvifor tilbyr vi dette kurset? 

Alle som treng det, har rett på økonomisk rådgjeving etter sosialtenestelova paragraf 17. Tenesta er ei av kjerneoppgåvene i Nav-kontoret. Nav-kontora må difor ha tilsette med både grunnleggjande kunnskap og dybdekunnskap om tenesta. 

Kva skal du sitje att med etter det vidaregåande kurset? 

Kunnskap om: 

  • rollar og ferdigheiter i møte med menneske som har økonomiske problem
  • korleis du kan hjelpe menneske med stor og uoversiktleg gjeldssituasjon
  • ulike eigarformer
  • ulike måtar kreditorar sikrar krava sine på

Forkunnskap

Vi legg til grunn at du allereie har kunnskap tilsvarande nivået på grunnkurset i økonomisk rådgjeving. 

Praktisk informasjon

Om du er usikker på om du er i målgruppa, ta kontakt med kontaktpersonane for kurset, sjå fana "Kontaktpersonar" for kontaktinformasjon.

Føredragshaldarar på grunnkurset er Daniel Bergamelli, Statsforvalteren i Trøndelag og Inger-Helene Søgnen, Statsforvaltaren i Vestland.

Kurset er digitalt og går via Microsoft Teams. Påmeldte får tilsendt lenkje før kurset til e-postadressa som er registrert i påmeldingsskjemaet.

Vi tek sikte på å publisere program og avklare endeleg tidsramme for dei to kursdagane veka etter påske. 

Statsforvaltaren sitt kurstilbod innan økonomisk rådgjeving

På grunn av koronasituasjonen, held vi kursa i økonomisk rådgjeving digitalt denne våren. Vi held felles digitale kurs for fylka Troms og Finnmark, Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland. Som deltakar melder du deg på det kurset som passar best for deg.

Statsforvaltaren tilbyr tre typar kurs innan økonomisk rådgjeving: basiskurs, grunnkurs og vidaregåande kurs.

  • Basiskurset er eit heilt grunnleggjande kurs for deg som arbeider i Nav og andre tenester med å hjelpe menneske som kan få eller har økonomiske problem
  • Grunnkurset er eit grunnleggjande kurs for deg som arbeider i Nav med å hjelpe menneske.
  • Det vidaregåande kurset er et kurs for deg som er tilsett i Nav og arbeider med økonomisk rådgjeving eller gjeldsrådgjeving.

I vår tilbyr vi desse kursa:

Dato:
8. juni 2021 08:30 - 9. juni 2021 15:00
Stad:
Digitalt – nettmøte i Teams
Arrangør:
Statsforvaltarane i Trøndelag og Vestland, i samarbeid med statsforvaltarane i Troms og Finnmark, Nordland, Møre og Romsdal og Rogaland
Målgruppe:
Økonomiske rådgjevarar og gjeldsrådgjevarar i Nav
Påmeldingsfrist:
6. juni 2021 23:59