Årleg kartlegging av samfunnstryggleik og beredskap
I ei tid med krig i Europa og eit meir alvorleg trusselbilete er arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap viktigare enn på lenge. Kommunane har ei heilt sentral rolle i dette arbeidet, både med å førebyggje kriser og sikre at innbyggjarane får nødvendig hjelp og viktige tenester når noko skjer.
Kommunetrappa byggjer på den årlege kommuneundersøkinga frå DSB, der kommunane sjølve rapporterer om eige arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. Statsforvaltaren vurderer svara frå undersøkinga opp mot eigne erfaringar frå tilsyn og oppfølging, og plasserer kommunane i kommunetrappa ut frå oppnådd poengsum.
I 2026 deltok 22 av 23 kommunar i kommuneundersøkinga. Time kommune er ikkje med i årets oversikt.
Gode resultat på sentrale område
- Kommunetrappa i år viser at beredskapsarbeidet til kommunane i Rogaland har hatt ein positiv utvikling. Det er derfor berre å halde fram vidare i same spor, seier fylkesberedskapssjef Reidar Johnsen.
Sammenlikna med resultata fra 2025, har gjennomsnittleg poengsum auka frå 31,49 poeng til 33,52 poeng i 2026, av totalt 40 moglege poeng.
Alle kommunane opplyser at dei har:
- heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (HROS) forankra i kommunestyret
- overordna beredskapsplan
- plan for kriseleiing
- varslingsliste for kriseleiinga
Kommunane har også kome langt med etableringa av fysiske informasjonspunkt der innbyggarar kan søke informasjon frå kommunen dersom mobilnettet og anna elektronisk kommunikasjon er ute av drift over tid. Heile 91 prosent av kommunane oppgir at dei har definert eitt eller fleire informasjonspunkt.
Framleis rom for utvikling
Sjølv om mange kommunar har etablert løysingar for alternativ informasjon til befolkninga, viser undersøkinga at fleire kommunar kan arbeide vidare med å gjere tiltaka meir kjende og sikre at dei blir øvde på og tekne i bruk ved behov.
Statsforvaltaren følgjer opp resultata frå kommunetrappa gjennom eigne tilbakemeldingar til kommunane, med vurderingar av resultat og område som kan prioriterast i det vidare arbeidet.
Eit verktøy for læring og utvikling
– Kommuneundersøkinga til DSB er viktig for Statsforvaltaren fordi ho gir eit bilete av korleis kommunane sjølve vurderer arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap, seier fylkesberedskapssjef Reidar Johnsen. Undersøkinga viser ikkje berre status i dag, men også korleis arbeidet utviklar seg over tid og om det er satt av nok ressursar til dette arbeidet.
– Det er samtidig viktig å understreke at kommuneundersøkinga og plasseringa i kommunetrappa ikkje er ein fasit på kor god beredskapen i den enkelte kommunen er. DSB kan også innføre nye spørsmål eller rette merksemda mot særskilde tema og tiltak som blir vurderte som viktige for den kommunale beredskapen. Dette kan påverke resultata frå eitt år til eit anna, forklarer Jonsen.
Kommunetrappa gir likevel eit nyttig grunnlag for dialog, læring og vidare utvikling av kommunane sitt systematiske arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. Resultata er også eit viktig grunnlag for rettleiing, val av kommunar for tilsyn og prioritering av øvingar.