Statsforvaltaren i Rogaland har tidlegare kome med motsegner til delar av ein områdeplan for Svandal i Sauda kommune. Kommunestyret i Sauda har no bede oss om å oversende delane det er knytt motsegner til vidare for endeleg behandling hjå Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD).
Det er Statsforvaltaren sitt motsegn av 23.05.2023 som no vert sendt over til KDD for endeleg behandling.
Kva skjer no?
Når det ikkje har lukkast å finne ei løysing i saka gjennom planprosess og mekling, inneber det at Kommunal- og distriktsdepartementet som øvste planstyresmakt må avgjere saka.
Saka er no vidaresendt og vil bli behandla av departementet. Dei vil anten godkjenne planen fullt ut, ta motsegna til følgje og ikkje godkjenne planen, eller godkjenne planen med endringar.
Kvifor gjer me dette?
Statsforvaltaren i Rogaland har fremja motsegn mot fleire tiltak på og kring Ramnafjellnuten, av omsyn til villrein og truga naturtypar. Me meiner det ikkje er mogleg med slike tiltak i eit område med viktige, nasjonale naturomsyn.
Me tilrår i vår oversending at departementet tek motsegnene til følgje.
Kva inneheld områdeplanen?
Områdeplanen er omfattande og handlar mellom anna om vidare utvikling av ein skidestinasjon med tilhøyrande fritidsbustader og service- og aktivitetstilbod. Planområdet er på totalt 5747 dekar, og legg til rette for om lag 500 nye fritidsbustader, inkludert 70 som er regulert i tidlegare reguleringsplanar. Planen inneheld også mellom anna skitrasear, skiheisar, skiløyper, bevertning, gondolar, turstiar, og parkering.