Kva skal vi gjere med kondolanseprotokollane?
Kommunar og andre aktørar over heile Rogaland har hatt kondolanseprotokollar opne for publikum etter at kong Harald V gjekk bort. Tusenvis av menneske har skrive si siste helsing.
No skal kondolanseprotokollane sendast til Slottet. Statsforvaltaren tilbyr seg å samle inn og sende protokollane vidare, men då må dei leverast til kontoret vårt.
Frist for levering
Kondolanseprotokollar må vere komne til oss seinast torsdag 24. september. Vi tek ikkje i mot kondolanseprotokollar som kjem inn etter fristen.
Slik leverer du protokollane
Du kan levere kondolanseprotokollar direkte til kontorlokale våre i Lagårdsveien 44 i opningstidene, som er måndag–fredag 08.00–15.20
Du kan også sende kondolanseprotokollane med vanleg postgang. Adressa vår er:
Statsforvaltaren i Rogaland
Postboks 59
4001 Stavanger
Kva gjer du med kort, teikningar, blomar og likande?
Kommunar som ønskjer det kan samle inn kort, brev, teikningar osb., og følgje råda som er gjeve i Nasjonalarkivets rettleiing: «Materialet bør i utgangspunktet oppbevares ved ansvarlig kommunal eller interkommunal bevaringsinstitusjon».
For blomar, lys eller anna organisk materiale er det nok å dokumentere eit utval gjennom fotografering.