Kartlegging av flaumsituasjonen ved Brusand

Publisert 27. august kl. 13:18
|
Oppdatert 1. september kl. 13:18

Hausten 2026 vil Statsforvaltaren i Rogaland undersøke flaumsituasjon og hydrologiske forhold ved utløpet av Bjårvatnet.  

Dronefoto frå Brusand då vasstanden var høg. (Foto: Privat)

Hvor?

Kartlegginga vil finne stad i følgjande område:

  • Bjårvatnet naturreservat
  • Rennå i Jærstrendene landskapsvernområde

Dette gjer me for å få meir kunnskap om vassføring og flaumforhold i området.

Kvifor gjer me dette?

Ved store nedbørsmengder kan vatn-nivået stige med opptil 1,2 meter og overfløyma landbruksjord, busetnadar og jernbanespor. 

Derfor er det behov for ei ordentleg kartlegging av alle forhold som påverkar oppsamling av vatn i området rundt Bjårvatnet.

Gjennom kartlegginga vil me få svar på kva slags tiltak som kan redusere flaumfare i området og betre transporten av vatn, samstundes som me tek vare på verneverdiane og det biologiske mangfaldet.

Kva inneber dette?

Sjølve kartlegginga vil bli gjennomført av eit eksternt firma, og det er CBEC Europe som har fått dette oppdraget. Planen er å gjennomføre arbeidet frå september til midten av desember. 

Dei vil blant anna sjå på: 

  • Hydrologiske forhold: vannføring, flaumsoner og avrenning
  • Botaniske forhold: vegetasjonstypar og korleis desse veks 
  • Topografiske forhold: terreng, vassvegar, flaskehalsar
  • Eventuelle inngrep, erosjon, sedimentering og andre påverknadar

Kva skjer etter arbeidet er gjennomført?

Etter gjennomført kartlegging vil dei levere ein rapport som beskriver arbeidet dei har gjort. Denne vil innehalde fagleg vurdering av ulike faktorar og kva desse har å seie for flaumsituasjonen, og ikkje minst forslag til moglege tiltak.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Ellinor Madland Løkling
førstekonsulent, Statsforvaltaren i Rogaland