Årsmøtet begynner kl. 12.00, og kl. 13.00 starter seminaret.
Det kjem sentrale fylkespolitikarar, næringsaktørar og sentrale i forvaltninga til seminaret. Ramma for seminaret vil vere med utgangspunkt i visjonen til Øksnevad vgs, med målsetting om å bli ein sentral kompetanseaktør i tråd med næringa sine behov. Fokus vil vere rekruttering og kompetanse opp mot utfordringane rogalandsskogbruket står i – og vidareutvikling av skogressursen og trebaserte næringskjeder.
Både vidaregåande skule og fylkespolitikarar vil utfordrast til å komme med løysingar for å understøtte eit vitalt skogbruk og ekspansive næringskjeder basert på tre.
Påmelding
Årsmøtet og seminaret er gratis, men av omsyn til servering er det påmelding. Frist for påmelding er fredag 11. september 2026.
Du melder deg på med e-post til:
skognaringsforum.rogaland@kystskogbruket.no eller mobil 998 61 056.
Program
12.00 Velkommen v/Arne Bergsvåg, styreleiar Rogaland Skognæringsforum
12.05 Ope årsmøte i Rogaland Skognæringsforum
12.30 Lunsj
13.00 Seminar
15.30 Slutt
Seminar: Framtidsskogen i Rogaland
- Rekruttering og kompetanse - nøkkel for grøne verdikjeder
13.00 Moglegheiter og utfordringar for skogbruket i Rogaland ved Arne Bergsvåg, styreleiar RSNF
13.10 Øksnevadvisjonen og grøne utdanningsval for framtida ved Anne Kristin Bruns, leiar Opplæringsutvalet, Rogaland fylkeskommune
13.20 Nasjonale føringar og kompetanse som grunnlag for suksess framover ved Monica Dahlmo, landbruksdirektør, Statsforvaltaren i Rogaland
13.40 Fylkespolitiske føringar og tiltak for skogbruket ved Unni Fuglestad, leiar Kultur- og næringsutvalet, Rogaland fylkeskommune
13.55 Eksempel på grøne satsingar og lokale verksemder i Rogaland
- Bioenergisatsinga ved Morten Svanes, seniorrådgjevar Statsforvaltaren
- Betula Technology Group AS ved arbeidande styremedlem Henning Stokke
- Trefadder AS ved produksjonsleiar Sander H. Alfredsen
- Riska Sagbruk AS ved dagleg leiar Rune Skjørestad
- Norsk Juletre Service AS ved dagleg leiar Lena Nergård
14.45 Dialog: Kva kan gjerast for å styrke skog-og trenæringa i Rogaland?
- Unni Fuglestad, leiar Kultur- og næringsutvalet, Rogaland fylkeskommune
- Anne Kristin Bruns, leiar Opplæringsutvalet, Rogaland fylkeskommune
- Erlend Jordal, Fylkestinget for partiet Høyre
- Harald Løland, Fylkespolitiker, gruppeleder for Senterpartiet
- Monica Dahlmo, landbruksdirektør, Statsforvaltaren i Rogaland
Ordstyrar: Arne Bergsvåg
Vel møtt!