Bank og midlar til forvaltning

Oppdatert 20.02.2023

Dersom verjehavar har midlar og finansiell eigedom over ein bestemt verdi, er hovudregelen at Statsforvaltaren skal forvalte midlane. Verjehavar skal samtykke til slik forvaltning så sant ho eller han er i stand til å forstå kva eit slikt samtykke betyr.

Grensa for når Statsforvaltaren pliktar å forvalte midlane, er sett til eit beløp lik to gonger grunnsummen i folketrygda (2 G).

Midlar som Statsforvaltaren forvaltar, skal plasserast på konto i bank. Det er bestemt i verjemålslova at det ikkje er høve til å spare i fond eller liknande. Statens sivilrettsforvaltning, som sentral verjemålsmynde, forhandlar frem avtaler og vilkår for innskot.

Det er verja sitt ansvar å velje mellom de ulike bankane og dei ulike vilkåra. Sivilrettsforvaltninga har oversikt over bankar og kontoalternativ. Verja melder frå om val av bank til Statsforvaltaren via eige skjema som du finn i skjemaoversikta hos Sivilrettsforvaltninga.

Dersom det er skrive ein avtale, eit gåvebrev eller eit testament som bestemmer at midlane ikkje skal forvaltast av Statsforvaltaren, må vi så raskt som råd få melding om dette.

Inntekt ogmidlar som tilhøyrer mindreårige

I utgangspunktet skal Statsforvaltaren forvalte alle verdiar som barnet eig, som til dømes fast eigedom, pengar på bankkonto, verdipapir eller kontantar. Dette gjeld uavhengig av korleis barnet har fått midlane – om det er i form av arv, gåve, vinstar, forsikringsutbetalingar eller på anna måte. Det avgjerande er at den mindreårige eig midlane.

Verjer for mindreårige kan søkje Statsforvaltaren om uttak og bruk av midlane. Dersom barnet er over 12 år, skal han eller ho få uttale seg om bruken av midlane og eventuelle uttak.

Midlar som ikkje blir forvalta av Statsforvaltaren, skal som hovudregel verja forvalte. I nokre tilfelle bestemmer den mindreårige sjølv over midlane. Vergemal.no har meir informasjon om særskilte reglar for barn over 15 år.

Forvaltninga varer normalt frem til barnet blir myndig, det vil seie 18 år.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.