Robek

Oppdatert 24. september kl. 08:52

Kommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedtatt årsbudsjett, økonomiplan eller årsrekneskap innan dei gjeldande fristane, blir registrert i Robek. Det betyr at kommunen blir underlagde statleg kontroll.

Kommunen skal kome i balanse

Robek er ei forkorting for register over betinga godkjenning og kontroll.

Statsforvaltaren har fleire verkemiddel for å følgje opp kommunane som er registrerte i Robek, for å støtte opp om arbeidet med å gjenopprette økonomisk balanse. Det er kommunen sitt ansvar å velje tiltaka som skal gjennomføre nødvendig omstilling.

Kommunen skal

  • vedta ein tiltaksplan innan gjeldande fristar
  • gjennomføre omstillingstiltak som sikrar at økonomien kjem i balanse

Statsforvaltaren kan gi skjønnsmidlar knytt til kommunen sin tiltaksplan for å
kome i økonomisk balanse.

Statsforvaltaren skal

  • kontrollere at vedtaket om årsbudsjettet er lovleg
  • godkjenne vedtak om å ta opp lån og langsiktige leigeavtalar
  • godkjenne vedtak om å ta opp lån og langsiktige leigeavtalar for interkommunale selskap med eigarkommune i Robek
Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Unngå å skrive inn personleg informasjon. Meldinga di blir berre lesen av tilsette som jobbar med nettstaden. Vi har ikkje høve til å svare deg her.

Du har 400 teikn igjen.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.