Berekraftsmåla

Oppdatert 12.03.2024

FNs berekraftsmål er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, motarbeide ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Statsforvaltaren legg vekt på berekraftig utvikling i alt vi gjer.

FNs berekraftsmål gjeld alle land i verda, både rike og fattige. Måla påverkar norsk politikk – både i kommunar og lokalsamfunn og nasjonalt. Du kan lese meir om FNs berekraftsmål lengre ned på sida.

Kva gjer Statsforvaltaren?

Statsforvaltaren brukar kunnskapen sin om lokale og regionale forhold til å prioritere og følgje opp berekraftsmåla i tråd med politikken til regjeringa. 

  • Planlegging er et verktøy for å nå berekraftsmåla. Som fagmyndigheit innan landbruk, miljøvern, helse og samfunnstryggleik bidreg vi til at kommunal og regional planlegging sikrar ei berekraftig utvikling.
  • Arbeidet med samfunnstryggleik er viktig for fleire av berekraftsmåla. Det gjeld mellom anna arbeidet med å bremse klimaendringa, bevaring av økosystemtenester, bygging av robust infrastruktur og fredelege og inkluderande samfunn. 
  • Fleire av berekraftsmåla handlar om klima og miljø, som er eit viktig ansvarsområde for oss.
  • Statsforvaltaren skal bidra til at regjeringas oppdaterte jordvernstrategi med nye tiltak og eit forsterka jordvernmål blir følgt opp, og leggje til rette for at reindriftsinteressene blir i varetekne i planprosessar og utbyggingssaker.
  • Vi følgjer etableringa av nye verksemder som følgje av det grøne skiftet og behovet for nye energiformer som til dømes batterifabrikkar og hydrogenfabrikkar.
  • Vi samarbeider med andre aktørar om strategien «Alle treng ein trygg heim». Arbeidet byggjer på berekraftsmåla og den nasjonale strategien for sosial bustadpolitikk.


Publisert 03.03.2022

Vi følger opp FNs klimarapport som ble lansert mandag

Rapporten viser at klimaendringer allerede fører til ødeleggelse for mennesker og natur.