Lokal kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring

Oppdatert 02.01.2023

I 2021 vart det innført ny tilskotsordning for lokal kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring. Tilskotsordninga fungerer slik at barnehage- og skuleeigarar kan melde frå om behov for midlar til kompetanseutvikling i eigne verksemder. Midlane kan brukast til å vurdere, planleggje og gjennomføre kompetansetiltak. 

Den statlege tilskotsordninga skal bidra til å støtte opp om det ansvaret som barnehage- og skuleeigarar har for å arbeide med kompetanse- og kvalitetsutvikling.

Midlane frå tilskotsordninga skal støtte tiltak som gir kollektiv kompetanseutvikling i barnehagar og skular. Barnehage- og skuleeigarar gjennomfører kompetansetiltaka i samarbeid og partnarskap med universitet og høgskular.

Tilskotsordninga omfattar:

  • Regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage
  • Desentralisert ordning for grunnskular og vidaregåande skular
  • Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis 

Målgrupper for kompetansetiltaka

Målgrupper for kompetansetiltaka i tilskotsordninga er lærarar, leiarar og andre tilsette i barnehagar og skuler, og andre i organisasjonen rundt som bidreg til kvalitet i tilbodet til barn og unge.

Målgrupper for kompetansetiltaka i Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis er breiare og omfattar i tillegg til barnehage- og skuleeigarar, tilsette i PP-tenesta og andre tverrfaglege tenester i kommunane og fylkeskommunane som inngår i laget rundt barnet og eleven.

Melde kompetansebehov

Det er barnehage- og skuleeigarar som analyserer kompetansebehovet og deretter melder behov for kompetanseutvikling til statsforvaltaren. Eit nettverk av eigarar kan velje å gå saman om å melde behov for kompetanseutvikling. 

Statsforvaltaren legg til rette for at behovsmeldingane skal kunne behandlast og prioriterast i samarbeidsforum.

Samarbeidsforum prioriterer tiltak

Det er samarbeidsforum i fylka som prioriterer kva tiltak tilskotet skal fordelast til. Dette blir gjort ut frå lokale kompetansebehov. 

Samarbeidsforum skal inkludere representantar for offentlege og private barnehage- og skuleeigarar, kommunar som lokal barnehagemynde, universitet og høgskular med geografisk tilknyting til regionen, lærarorganisasjonane og KS . Samarbeidsforum kan også invitere andre aktørar til å vere med i samarbeidsforum. Statsforvaltaren har sekretariatsansvar for samarbeidsforumet og betalar ut midlane etter avgjerd i samarbeidsforum.

 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 02.12.2022

Invitasjon til høringskonferanse 2023

Utdanningsdirektoratet (Udir) inviterer til høringskonferanse om NOU 2022:13 Med videre betydning — Et helhetlig system for kompetanse- og karriereutvikling i barnehage og skole.


Publisert 14.10.2022, Sist endra 09.01.2023

Meld behov for kompetansemidler 2023

Vi minner om fristen 1. februar for melde behov for tilskudd til kompetanseutvikling i barnehager og skoler i Oslo og Viken.