Klage på karakter i grunnskulen

Alle elevar har rett til å klage på standpunktkarakterar og eksamenskarakterar. På denne sida finn du som elev i grunnskulen informasjon om kva du kan klage på, kven som kan klage, og korleis du går fram viss du vil klage.

Klage på standpunktkarakter

Ein standpunktkarakter er ein karakter som blir gitt ved avslutninga av opplæringa i fag, og er ein karakter som skal førast på vitnemålet. Du som elev og foreldra dine kan klage på ein standpunktkarakter. Du kan lese meir om kven som kan klage, kva du kan klage på, klagefrist og korleis du klagar, i rettleiinga som heiter Orientering om retten til å klage på karakterar, som du finn til høgre på denne sida.


Når ein elev eller ein føresett klagar på ein standpunktkarakter, er det alltid skulen som skal få klagen. Skulen skal behandle klagen og sende han vidare til oss. Det er bestemde krav til saksbehandlinga til skulen. Desse krava har vi gitt ei orientering om i Grunngjeving for karakter ved klage på standpunktkarakter i fag. Denne rettleiinga finn du til høgre på denne sida.


Skulen skal sende klagen vidare ved å bruke det elektroniske skjemaet Standpunktkarakter, klagar frå grunnskulen, som ligg til høgre på denne sida. NB! Du som klagar skal ikkje bruke dette skjemaet når du klagar til skulen. Det elektroniske skjemaet er det berre skulen som skal bruke når skulen sender klagen til oss.