Søknad om erstatning for rovviltskade i 2026

Publisert i dag kl. 11:33

No kan du sende inn søknad om erstatning for rovviltskade på sau for beitesesongen 2026. Fristen er 1. november.

Sauer som beiter.

Søknader om erstatning for sau skal sendast via Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter (ESS) til Statsforvaltaren i heimfylket ditt innan søknadsfristen.

Her finn du søknadsskjemaet hos Miljødirektoratet: Erstatning for sau drept av fredet rovvilt

Kven kan søke?

For å ha rett på erstatning må dyreeigar

  • ha rett til produksjonstilskot etter jordbruksavtalen (vêrringar sauavlslag og tilsvarande kan også få erstatning dersom dei har tap)
  • ha fast bustad i Norge
  • sende inn søknad i søknadssenteret innan 1. november

Du kan få erstatning for husdyr som har status «dokumentert» eller «antatt» drept av freda rovvilt i Rovbase. Statens naturoppsyn sine rovviltkontaktar dokumenterer rovviltskadar. Dersom kadaver ikkje blir funne, eller det ikkje er mogeleg å fastslå dødsårsaka, kan det betalast ut erstatning etter ei skjønsvurdering.

Søknadsfrist 1. november

Du loggar inn via ID-porten. 

Vi tilrår at du bruker Chrome eller ein tilsvarande nettlesar. Internet Explorer blir ikkje støtta.

Dersom du ikkje har tilgang til eigen datamaskin, eller har problem med å levere søknaden elektronisk, bør du kontakte kommunen der du bur i god tid før fristen.

Det er ditt ansvar å sende inn søknaden innan fristen. Søknad som kjem inn etter 1. november, blir avviste. Statsforvaltaren kan gi nærare rettleiing om kva søknaden skal innehalde.

Dersom du har problem med å logge deg inn i søknadssenteret, ta kontakt med Miljødirektoratet på telefon 951 23 500 eller e-post esshjelp@miljodir.no.

Søknader om erstatning for tap av geit, storfe eller hund skal ikkje leverast via ESS. Desse søknadane skal sendast på e-post til Statsforvaltaren sitt postmottak sfmrpost@statsforvalteren.no. Eventuelt per post til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde.

Dokumentasjonskrav

Du må legge ved individlister for buskapen når du søker om erstatning.

Individlistene skal minst innehalde:

  • alle individnummer i besetninga
  • kopling mellom søye og lam
  • dødsårsaker
  • helse- og sjukdomsinformasjon

Er du medlem i Sauekontrollen, kan du lage ein PDF-rapport som inneheld dei opplysningane vi treng for å behandle søknaden.

Vedlegg kan enkelt lastast opp i det elektroniske søknadssenteret. Dersom du ikkje lastar opp vedlegga elektronisk, må du sende dei på e-post eller per post samtidig som du sender inn søknaden.

Vi gjer merksam på at manglande dokumentasjon om buskapen kan føre til at erstatninga blir redusert, eller at søknaden blir avslått.

Søke om erstatning? Hugs dette:

  • Legg ved kart som viser kva beiteområde dyra dine nyttar i beiteseongen.
  • Gi informasjon om besetninga di på individnivå, inkludert data om tapte, skadde og sjuke dyr.
  • Fordel tapet på den rovviltarten du meiner har tatt husdyra dine.
  • Oppgi korrekt sone for distrikstilskot. Sjå kart over sonegrensene hos NIBIO: Kart over sonegrenser
  • Send gjerne med tilsynslogg.

Kontakt oss