Markdag i Murkelie - korleis ta vare på utmarksbeita?

Om lag tretti personar såg på ulike typar beitevegetasjon og kva ein kan gjera med attgroing i Murkelie på Stølsvidda. Det skjedde under kyndig vegleiing frå "the grand old man" i norsk utmarkskartlegging, Yngve Rekdal frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.08.2020

I Murkelie kunne den lokale stølsbrukaren Knut Sigurd Rødningen fortelja at det var opne beiteområde utan tre for 20 år sidan. No står ungbjørka tett i tett. Saman med Ørjan Kolstad sette han i gong med å rydde breie "gater" i skogen for å betre beitetilhøva for eit par år sidan. Det vart gjort med tilskott frå "Utvalde kulturlandskap" på Stølsvidda. Sjølv om mye kyr og sauer framleis går i stølsområda om sommaren, har beitebruken forandra seg i nyare tid. Lite vedhogst og klimaendringar bidrar og til at landskapet forandrar seg.

Yngve Rekdal la sterk vekt på at ein må sjå på dei økologiske tilhøva før ein begynner å rydde beite og tilpasse framgangsmåten til vegetasjonstypen på staden. På den karrige, lav- og lyngrike marka er det lite å hente på rydding - her kan det heller vera ein fordel at skyggen frå trea hindrar uttørking. Blåbærmarka er middels produktiv og kan bli meir dominert av grasarten smyle når ein slepp til meir lys. Men her og er det ein fare for at vegetasjonen kan bli utsett for tørke om det blir opna heilt. I verste fall kan ein og risikere at det dårlege beitegraset finnskjegg tar over heilt på opne og tørkeutsette areal, særleg om beitetrykket er stort.

Det beste beitet finn vi på gras- og urterik mark der jorda er næringsrik og har nok fukt. Her dominerer breiblada gras og blomsterplanter som gir mye næring til beitedyra. Her kan ein rydde areala ganske snaut, men då er det svært viktig at ein har nok beitedyr i området så tidleg som mogleg. Sidan dette er produktive areal, kjem atterveksten av rot- og stubbskott fort etter rydding. Graset vil og vekse ekstra fort etter ryddinga og kan bli utvokst, proteinfattig og lite smakeleg om ikkje dyra blir slept på det tidleg nok.

Alle desse typane fann vi i Murkelie, og det gjorde markdagen veldig instruktiv. Deltakarane samla seg etterpå på Sekskanten på Vaset til litt oppsummering og lunsj. Her orienterte Guro Øvergaard frå Nord-Aurdal kommune om tilskottsordningane for utvalde kulturlandskap og tiltak i beiteområde. Magnhild Strand frå Norsk landbruksrådgiving Innlandet (som sto for arrangementet) og Stig Horsberg frå Fylkesmannen i Innlandet hadde og korte innlegg. Markdagen vart leia av Geir Harald Fodnes som er prosjektmedarbeidar for Stølsvidda utvalde kulturlandskap.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.