Har du ein kandidat til kulturlandskapsprisen 2021?

Sau på beite i Goarahat og Sandvikshalvøya utvalgte kulturlandskap, som fikk prisen i 2020.
Sau på beite i Goarahat og Sandvikshalvøya utvalgte kulturlandskap, som fikk prisen i 2020. Foto: Marit Larsen.

Nesten kvart år sidan 2007 har den nasjonale kulturlandskapsprisen blitt delt ut av Norsk kulturarv. Har du ein god kandidat til prisen, kan du sende forslaget til Statsforvaltaren innan 24. april.

Publisert 08.04.2021

Statsforvaltarene, bondeorganisasjonane og andre er inviterte til å nominere kandidatar. Vi treng gode forslag til kven som bør få prisen i år! Både lag, foreiningar, institusjonar og privatpersonar som har gjort ein spesiell innsats for kulturlandskapet kan nominerast. Send forslaget på e-post til ein av dei to kontaktpersonane i det skjemaet du finn til høgre. Fristen for å sende inn forslag er 24. april.

Kandidatane blir vurderte etter følgjande kriterium:

  • Det skal vera gjort ein ekstra innsats for kulturlandskapet
  • Det skal bidra til heilheit og mangfald i/for kulturlandskapet
  • Det skal bevare og synleggjera kulturlandskapet
  • Det skal vera knytta til bærekraftig skjøtsel, aktivt landbruk og moderne drift av kulturlandskapet
  • Det skal auke tilgjengelegheita for allmennheita til kulturlandskapet
  • Det skal ha en læringseffekt om kulturlandskapet
  • Det skal forankre norsk kulturarv i kulturlandskapet
  • Det skal visast samanheng mellom natur og bygningar i kulturlandskapet
  • Det skal visast samanheng mellom kulturlandskap og verdiskaping

Det er stiftinga Norsk kulturarv som i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet deler ut prisen. I juryen sitt og bondeorganisasjonane og riksantikvaren, og statsråd Olaug Bollestad leier juryen. Innlandet har to tidlegare vinnarar: Nordheradsprosjektet i Vågå, som fekk prisen i 2009, og "historiske hagar" ved Marianne Olssøn og Ingeborg Sørheim i Ringsaker som fekk prisen i 2012. Prisen er eit grafisk blad utført i tresnitt av Hans Normann Dahl og 50 000 kroner som er løyvd av Landbruks- og matdepartementet.

Målet med å dele ut ein årleg nasjonal kulturlandskapspris er å

  • Bevisstgjera allmennheita om utfordringar med å ta vare på kulturlandskapsverdiane
  • Auke kunnskapsnivået om kulturlandskapet
  • Bevisstgjera om miljøverdiane i kulturlandskapet
  • Stimulere til å ta vare på og utvikle kulturlandskapet gjennom gode eksempel