Vårin (18) frå Lom heldt innlegg til barne- og familieministeren

Vårin Dagsgard-Marstein (18) frå Lom  står saman med barne- og familieminister Kjersti Toppe og  barneombod Inga Bejer Engh i eit møterom.
Vårin Dagsgard-Marstein (18) frå Lom var saman med barne- og familieminister Kjersti Toppe og barneombod Inga Bejer Engh på eit møte om barn og unges medverknad. Foto: Eli Blakstad.

– I møte med barn og unge får dei vaksne perspektiv som dei aldri hadde tenkt over elles. Det var eit av bodskapa til Vårin Dagsgard-Marstein (18) frå Lom da ho heldt innlegg om barn og unges medverknad i Oslo denne veka.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.01.2023

Barne- og familieminister Kjersti Toppe inviterte tysdag til eit innspelsmøte om korleis ein kan sikre barns rett til medverknad på systemnivå, og korleis ein kan sikre god struktur og kompetanse for slik medverknad. Statsråden ville gjerne høyre erfaringane frå dei unge sjølv og frå dei som har jobba med barns medverknad på systemnivå. På kva måte har dei gjennomført prosessen med medverknad, og kva meiner dei er viktig framover? Invitasjonen gjekk ut til ulike organisasjonar, utval og til alle Statsfovaltarembeta.

Barn og unge må inkluderast

Frå Statsforvalteren i Innlandet sitt Barn- og ungepanel deltok Vårin Dagsgard-Marstein frå Nord-Gudbrandsdalen og Ane Bjørke-Hansen frå Sør-Østerdalen saman med velferdsdirektør Eli Blakstad. Møtet vart halde i Barne- og familiedepartementet i Oslo. Vårin heldt eit tre minutts innlegg med statsråd, barneombod og over 40 organisasjonar som tilhøyrarar. 

– I møte med barn og unge får dei vaksne perspektiv som dei aldri hadde tenkt over elles. Kvifor er det ikkje da naturleg at barn og unge blir inkludert når dei vaksne utformar planar om korleis ein skal handtere til dømes mobbing, eller andre tema som fyrst og fremst råkar barn og unge? Det bad Vårin dei vaksne om å reflektere over.

Vårin Dagsgard-Marstein står på talarstolen og held innlegg for ei forsamling, blant anna barneombodet og barne- og familieministeren.
Vårin Dagsgard-Marstein står på talarstolen og held innlegg for blant anna barneombodet barne- og familieministeren. Foto: Eli Blakstad.

Medverknad - ein menneskerett

FN sin barnekomité har anbefalt at Norge styrker sin innsats for å sikre at barn blir involverte. Dette er ein verdi i seg sjølv. Når unge får erfaring med å delta kan dette auke tilliten deira til samfunnet. Medverknad legg òg til rette for at barn og unge kan ta samfunnsansvar. Retten til medverknad er ein menneskerett forankra i FN sin konvensjon om barnerettane (barnekonvensjonen), som òg gjeld på systemnivå. Tiltak på systemnivå er tiltak som gjeld bestemte grupper av barn, eller alle barn, til dømes utgreiingar og avgjerder knytte til utvikling av statlege eller kommunale tiltak, høyringar og tenesteutvikling. Det kan òg dreie seg om høyring av barn i samband med utvalsarbeid og lovarbeid.

Både Norges institusjon for menneskerettigheter (NIM) og Barneombodet har bidratt til å få i stand møtet. Dei tok opp utfordringar knytt til korleis ein i praksis skal gjennomføre barns rett til medverknad på systemnivå. 

Prosessane må kvalitetssikrast

I tillegg til Vårin sitt innlegg var det 43 andre innlegg. Statsråden fekk tydelege bodskap om behov for å styrke kompetansen om korleis barn og unge kan ha reell medverknad. Fleire miljø trakk òg fram forslag om å opprette eit ekspertutval for ei NOU-utgreiing om problematikken. Bodø kommune meinte fokuset måtte endrast frå «laget rundt barnet» til «laget med barnet»

Vårin understreka kor viktig det er at ungdommen sjølv styrer ungdomsråda i kommunane. Ho utfordra statsråden til å vurdere korleis ein faktisk kan følgje opp og kontrollere ungdomsråda i kommunane for å sikre dette. Vårin trakk òg fram Barne- og ungepanelet hjå Statsforvaltaren i Innlandet. Ho fortalde at dei aktivt blir brukt i konkrete saker og får moglegheit til å diskutere faglege dilemma som Statsforvaltaren jobbar med. Eitt eksempel er det såkalla 9a-regelverket som handlar om ansvaret skulen har for at alle tilsette skal følge med på at ingen elevar stengast ute på skolen. I denne saka har Barne- og ungepanelet peikt på at mobbing ikkje berre skjer i skuletida. Ofte skjer det på sosiale media utanom skuletid, og påverkar heilt klart skulekvardagen.

Etter innlegget fekk Vårin ein prat med mellom anna statsråden, barneombodet og representantar frå Lindesnes kommune.