Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Tilskott til drenering av jordbruksjord

Fylkesmannen har for 2015 kr 1 490 000 til drenering av tidlegare grøfta jord. Etterspørselen etter tilskott i 2014 var liten og vi oppfordrar bøndene å dra nytte av denne tilskottsordninga.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.01.2015

God drenering er avgjerande for å kunne auke matproduksjonen i åra som kjem. Det er også eit viktig ledd for å tilpasse jordbruket til eit endra klima med meir nedbør. I mange tilfelle vil dreneringstiltak også kunne gi mindre erosjon og avrenning til vassdrag.

Muleg å få tilskott til ulike former for drenering
Tilskotssatsane er 1 000 kr/daa ved systematisk grøfting, profilering eller omgraving. For usystematisk grøfting inkludert avskjæringsgrøfter er satsen 15 kr/meter. Utrekna tilskott under 3 000 kr per søknad blir ikkje utbetalt og ein kan berre få tilskot til tidlegare grøfta jord.
Søknader om tilskott til drenering skal sendast til kommunen på fastsett søknadsskjema. Både eigar og leigar av tidlegare grøfta jord kan søke om tilskott.

Dreneringsplan
Søknaden må innehalde ein enkel dreneringsplan med kart. Planen skal vidare gi miljøinformasjon der tiltaket og verknaden av tiltaket er omtala. Norsk landbruksrådgiving Agder eller kommunen kan utarbeide eller gi råd om planen.
Kulturminneforvaltinga i fylkeskommunen skal uttale seg i dei sakene der kommunen vurderer at tiltaket kan få konsekvensar for automatisk freda kulturminne. Kostnader for eventuelle forundersøkingar etter fornminne blir dekka av staten for mindre private tiltak, definert til grøftetiltak under 100 dekar.

Midlar til kvar kommune
Fylkesmannen har fordelt midlane mellom kommunane ut frå andelen fulldyrka jord, korn- og grønsaksjord. Tiltak som både gir auka jordbruksproduksjon og reduserer faren for vassforureining blir prioritert.

Aktuelle faglege råd og hjelp