Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Husdyr

Oppdatert 02.05.2022

Husdyrproduksjonen er den viktigaste produksjonen målt i verdiskaping og sysselsetjing i norsk landbruk. I Noreg er det meir enn 800 000 storfe, over èin million sauer, over 1,5 millionar slaktegrisar, over 4 millionar høner og meir enn 62 millionar kyllingar. Vi har også andre husdyr som hjort, lama, geit, kanin, and, gjess og kalkunar.

Husdyrproduksjonen kan delast inn i to hovudformer:

  • Grovfôrbaserte produksjonar – som mjølkeproduksjon (ku og geit) og kjøtproduksjon (ku, sau og geit) – utnyttar i hovudsak lokale arealressursar til matproduksjon og bidreg til å oppretthalde kulturlandskapet gjennom beiting og slått. 
  • Kraftfôrkrevjande produksjonar, som svine- og fjørfeproduksjon.

Husdyrkonsesjon

Husdyrkonsesjonsordninga regulerer det kraftfôrbaserte husdyrhaldet og omfattar all svine- og fjørfeproduksjon. Husdyrkonsesjon skal leggje til rette for at svine- og fjørfeproduksjonen blir spreidd på flest mogleg gardsbruk, og set grenser for kor stor produksjon av svin og fjørfe eit gardsbruk kan ha. Bønder som ønskjer å produsere meir, må søkje om konsesjon for å auke produksjonen.

Bruk skjemaet til høgre når du skal søkje om husdyrkonsesjon, og send søknaden til kommunen. Kommunen innstiller og sender saka vidare til Statsforvaltaren, som behandlar og avgjer søknaden. Landbruksdirektoratet er klageinstans, men klagen skal likevel sendast til Statsforvaltaren.

Erstatningsordningar og tilskot

Statsforvaltaren har ansvar for erstatningsordningar i husdyrproduksjonen, tilskot til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og konfliktdempande tiltak og erstatning for tap av husdyr og tamrein til rovvilt .

Kommunane behandlar søknader om tilskot, gjennomfører stikkprøvekontrollar ved gardsbruk og rettleiar bønder. Statsforvaltaren er koordinator og rådgjevar overfor kommunane. Landbruksdirektoratet har ansvar for hovudutbetalingane til bøndene.

Mattilsynet har ansvar for dyrehelse og næringsmiddelkontroll. Landbruksdirektoratet har ansvaret for kvoteordninga for mjølk.

Avvikling av pelsdyrhald

Stortinget har bestemt at pelsdyrproduksjonen skal avviklast innan 1. februar 2025. Pelsdyrbønder kan søkje Statsforvaltaren om kompensasjon dersom du avviklar før denne fristen. Søknadskjemaet ligg på nettsida til Landbruksdirektoratet.

Vis meir


Publisert 25.03.2015

Ove Myklebust tildelt Gromsauen 2015

Under NSG sitt landsmøte ble Ove Myklebust tildelt prisen for Gromsauen 2015.


Publisert 20.02.2015

Ny giv i sauehaldet

Eit treårig saueprosjekt har gitt betydeleg framgang og optimisme i sauehaldet i Vest-Agder.


Publisert 14.01.2015

Storstilt åpning av sauefjøs

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug var det store trekkplasteret da Anna og Frode Forgard inviterte hele bygda til åpning av sitt nye sauefjøs i Åseral.


Publisert 30.10.2014

Erstatning ved tap av sau på beite

Har du hatt store tap av sau på utmarksbeite denne sesongen som kan skuldast andre årsaker enn freda rovvilt? Erstatningsordninga "Tap av sau på beite" kan redusere økonomiske tap.