Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

LIS1 og turnusteneste for fysioterapeutar

Oppdatert 13.12.2021

Turnusteneste inneber at fysioterapeutar gjennomfører ei pålagd praksistid etter avslutta utdanning. Spesialistutdanning og godkjenning for legar følgjer ordninga som vart sett i verk i 2019. Ofte brukar vi uttrykka LIS1, LIS2 og LIS3 om legar som er tilsett i utdanningsstillingar. 

Spesialistutdanninga og godkjenninga for legar er tredelt. Lege i spesialisering del 1 (LIS1) er den første delen av spesialiseringsløpet, og er felles for alle legar. LIS1 erstattar i praksis turnustenesta for legar. LIS1 blir etterfølgt av LIS2 og LIS3. Sistnemnde er spesialiseringa til dei ulike legespesialistane.

LIS1 omfattar tolv månader i sjukehus og seks månader i kommunehelsetenesta. Legar som var tilsette eller hadde fått tilbod om turnusstilling etter gammal ordning før 1. mars 2017 er dei siste som gjennomfører turnusteneste. 

Ledige LIS1-stillingar blir lyste ut vår og haust via stillingsportalen til Helsedirektoratet.

Turnusplassar for fysioterapeutar

Personar som har avslutta bachelorutdanning i fysioterapi, må gjennomføre eitt års fastlagt praktisk teneste (turnusteneste) for å få autorisasjon som fysioterapeut. Statsforvaltaren i kvart enkelt fylke godkjenner turnusplassar for fysioterapeutar på sjukehus og i kommunehelsetenesta. Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, Statsforvaltaren i Vestland og Statsforvaltaren i Oslo og Viken har hovudansvar for å skaffe nok turnusplassar i sin region (Nord-Noreg, Vestlandet og Austlandet). 

Kurs hos Statsforvaltaren

Statsforvaltaren tilbyr grupperettleiing og kurs for legar i spesialisering og turnusfysioterapeutar.

Vi tilbyr:

  • Kurs i offentleg helsearbeid
  • Kurs i legevaktsmedisin for legar i spesialisering, del 1 (LIS1)
  • Grupperettleiing av LIS1-legar i kommunehelsetenesta
  • Opplæring til rettleiarar som skal ha ansvar for LIS1-legar i kommunehelsetenesta
  • Opplæring til rettleiarar for turnusfysioterapeutar

Statsforvaltaren refunderer reiseutgifter du har hatt i samband med kurs og rettleiing. 

Vis meir