Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Tilskot til Klima- og miljøprogram i jordbruket 2015

Fylkesmannen i Telemark har kr 250.000 som det kan søkjast på frå Klima- og miljøprogram i jordbruket 2015.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.03.2015

2015 har blitt utnemnt til «International Year of Soils» av FN. Det vil seie at i «Jordåret» skal vi ha fokus på kva jord og jordsmonn gjer for oss. Klima, vann og jordsmonn, i tillegg til sollys og luft er avgjerande faktorar for om vi kan drive landbruk og overleve på jorda.

Klima- og miljøprogrammet gir tilskot til prosjekt med fokus på: jordkvalitet og jordvern, reduksjon av avrenning frå jordbruket til vassdraga, klimatilpassing og miljøutfordringar i landbruket og klimanøytral matproduksjon nær byane. Anna tiltak som yter til å oppnå nasjonale mål innan klima og miljø vil bli vurderte. Tiltak bør rettast inn mot ein robust matproduksjon med auka produktivitet.

Midlane er særleg retta mot landbruksforvaltninga og andre organisasjonar som gjennom ulike tiltak hjelper til betre forvaltningsarbeid innan klima- og miljøsaker.

Meir informasjon om klima- og miljøprogrammet på nettsidene til Statens landbruksforvaltning.

Søknad kan sendast på e-post til fmtepost@fylkesmannen.no.

Frist: innan 01.april 2015 - merk søknaden «Klima- og miljøprogram 2015».