Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Reindrift

Norsk reindrift har sitt opphav hjå den samiske befolkninga, og skjer hovudsakleg i Nord-Noreg, Trøndelag, Møre og Romsdal og Hedmark. Reindriftsforvaltningens arbeidsoppgåver omfattar ressurs- og arealforvaltning, tilskotsforvaltning og reindriftsbasert næringsutvikling.

Nær 140 av landets kommunar har reindrift, på eit areal som utgjer om lag 40 prosent av landarealet i Noreg. Vi har 240 000 tamrein i vårflokk, 180 000 av desse er i Finnmark. Reindrifta sør for Finnmark har små variasjonar frå år til år, medan reintalet i Finnmark kan variere. Kalvetilgang, tap og slakteuttak er årsaker til variasjonane. I underkant av 3000 personar er tilknytt den samiske reindrifta.

Organisering av reindrifta

Reindrift skjer primært i det samiske reinbeiteområdet, som strekkjer seg frå Finnmark i nord til Hedmark i sør. Området er delt inn i seks samiske regionale reinbeiteområde og vidare i 72 sommar- og heilårsbeitedistrikt, og dessutan ti distrikt som blir brukte til haust- og vinterbeite for norsk reindrift og/eller som beite for svensk reindrift.

Grupper av reineigarar samlar reinen i felles flokkar på bestemte areal og samarbeider om drifta. Desse driftsgruppene blir kalla «siida» på nordsamisk og «sitje» på sørsamisk. Dei siste åra har det vore i underkant av 100 sommarsiidaar og om lag 150 vintersiidaar. Kvar siida er delt inn i siidaandelar, som har ein ansvarleg leiar.

Rein innanfor det samiske reinbeiteområdet skal merkast med eigarens merke. Berre personar av samisk ætt har i utgangspunktet rett til reinmerke.

Ikke-samisk reindrift utøves i Hedmark og Nord-Gudbrandsdalen og Valdres i Oppland. Denne reindrifta krev løyve i tråd med reindriftslova.

Rendal Renselskap har ei eiga driftsform basert på avskyting av privateigde dyr i Rendalen, Engerdal og Trysil. Svensk reindrift har bruksrett i bestemte område i Noreg, frå Troms til den nordlegaste delen av Hedmark.

Reindriftsforvaltning hjå Statsforvaltaren

Statsforvaltaren skal bidra til at styresmaktene når dei overordna måla for reindriftspolitikken. Vi skal mellom anna kontrollere etablering og overflytting av siidaandelar, gje råd i gjerdesaker, godkjenne bruksreglar utarbeidde av distriktsstyret, gje dispensasjon frå beitebruksreglane når det er sterke grunnar til det, om nødvendig fastsette beitetider for årstidsbeitene og gje fråsegner og kome med motsegn i saker etter plan- og bygningslova.

Reindriftsavtalen

Reindriftsavtalen er årlege forhandlingar mellom Norske Reindriftssamers Landsforbund og Landbruks- og matdepartementet om økonomiske verkemiddel for reindriftsnæringa.

Statsforvaltaren har ansvar for tilskotsbehandling regionalt over reindriftsavtalen. Landbruksdirektoratet har ansvar for hovudutbetalingane til siidaandelane.

Rovvilt

Statsforvaltaren har også ansvar for midlar til førebyggande tiltak mot rovviltskadar og konfliktdempande tiltak og erstatning for rein drepen av freda rovvilt. Les meir om dette under temaet Miljø og klima hjå Statsforvaltaren i ditt fylke.

Vis meir


Publisert 18.12.2017

Jula 2017

Reindriftsavdelingen holder stengt i jula. dvs 21.12.2017 - 02.1.2018


Publisert 09.10.2017

Fremtidsrettet jordbruksdrift og reindrift

Os kommune og Fylkesmannen i Hedmark v/landbruksavdelingen inviterer herved grunneiere/gårdbrukere i Tufsingdalen, Narjordet, Narbuvold, Bredalslia og Høsfjellet til informasjonsmøte om mulighetene for etablering av et prosjekt.

Les mer


Publisert 04.09.2017

Framtidsrettet reindrift og landbruk i Os og Røros kommune

Reindriftsavdelingen v/Fylkesmannen i Sør-Trøndelag inviterer herved reindriftsutøvere i Fæmund sijte til informasjonsmøte om prosjekt med mål om sameksistens og bærekraftig utnytting av ressurser.

Les mer


Publisert 29.08.2017

Fellesmøte med merkenemndene i sør

I forbindelse med utarbeidelse av utfyllende retningslinjer for merkenemnda ble det holdt et fellesmøte mellom merkenemndene i Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag/ Hedmark og Oppland.


Publisert 19.06.2017

Regler vedtatt for å hindre skrantesjukesmitte fra Selbu

For å hindre at den dødelige dyresykdommen skrantesjuke (CWD) sprer seg, har Mattilsynet innført noen forbud og påbud som gjelder i og rundt Nordfjella og Selbu.


Publisert 02.05.2017

Melding om reindrift – rapporteringsløsningen er åpnet igjen

Fra og med 2. mai vil det igjen være mulig å bruke innrapporteringsløsningen for å levere elektronisk melding om reindrift, søknad om tilskudd og søknad om rovvilterstatning. Fristen er 10. mai. For mer informasjon se Landbruksdirektoratet sin hjemmeside https://www.landbruksdirektoratet.no/no/


Publisert 18.04.2017

Frist for å levere melding om reindrift er utsatt til 10. mai

Fristen for å levere melding om reindrift, søknad om tilskudd og søknad om rovvilterstatning er utsatt til 10. mai 2017.


Publisert 03.04.2017

Melding om reindrift 2016/2017

Nå nærmer det seg med stormskritt fristen for levering av melding om reindrift (MOR). Årets frist er som tidligere 10.april.


Publisert 13.03.2017

Tilskudd til kvinnerettede tiltak i reindrifta

er en ordning over reindriftsavtalen for 2017-2018, og har som mål å fremme likestilling og kvinners situasjon i reindrifta.


Publisert 06.03.2017

Treffer du på rein, nyt synet og vis hensyn

Etter en lang vinter med begrenset næringstilgang er reinen inne i en sårbar periode nå og fremover til kalvingstida er over. Simlene som snart skal kalve er ekstra sårbar ovenfor forstyrrelser.