Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Opplæring innan kriminalomsorga

Etter internasjonale konvensjonar skal ingen nektast rett til utdanning. Retten til opplæring og utdanning er den same for innsette i fengsel som for andre borgarar i Noreg. Fylkeskommunane er fagleg og administrativt ansvarlege for utdanninga i fengsla. Det er lokale vidaregåande skular som har det praktiske ansvaret for opplæringa. Statsforvaltaren i Vestland er delegert (frå Udir) eit fagleg koordinerande ansvar for opplæringa innan kriminalomsorga i Noreg.