Tilskot til utvikling av sosiale tenester i Nav-kontora
- Søknadsfrist:
- 1. februar 2019 23:59
- Målgruppe:
- Nav-kontora
- Ansvarleg:
- Arbeids- og velferdsdirektoratet i samarbeid med fylkesmennene
- Kven kan søke:
- Nav-kontora
- Rapporteringsfrist:
- 1. februar 2020 23:59
Arbeids- og velferdsdirektoratet har lyst ut tilskot for å stimulere til utvikling av dei sosiale tenestene i Nav-kontora.
Det overordna målet er eit heilskapleg og samordna tenestetilbod tilpassa brukaranes behov. Gjennom nye arbeidsmetodar og samarbeidsformer skal brukarane oppleve auka kvalitet i tenestene, og gjennom dette betring i levekåra. Målgruppa for ordninga er sosialt og økonomisk vanskelegstilte som har behov for sosiale tenester, og andre som står i fare for å komme i ein vanskeleg livssituasjon.
Desse områda blir særskilt prioritert i 2019
- Bruk av ordinært arbeidsliv
- Oppfølging av barnefamiliar, ungdom og innvandrarar
- Sikring av sårbare overgangar, blant anna lauslating etter straffegjennomføring, overgangar mellom ulike tenester, utdanning og arbeidsliv
Nav-kontora kan søkje om tilskot innan 1. februar 2019 ved å sende utfylt søknadsskjema til Fylkesmannen. Tilskotet blir primært ytt for eitt år frå oppstartsdato, men det kan ytast tilskot i inntil tre år til same tiltak.
Meir informasjon om tilskotet og søknadsskjema finn de på Nav si heimeside.
Frå og med 01.01.2019 vert Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Fylkesmannen i Hordaland slått saman til Fylkesmannen i Vestland. Søknadsfristen er 1. februar 2019. Etter nyttår må søknader sendast til Fylkesmannen i Vestland. Elektronisk post i 2019 kan sendast til organisasjonsnummer 974760665. E-post sendast i 2019 til fmvlpost@fylkesmannen.no.
- Søknadsfrist:
- 1. februar 2019 23:59
- Målgruppe:
- Nav-kontora
- Ansvarleg:
- Arbeids- og velferdsdirektoratet i samarbeid med fylkesmennene
- Kven kan søke:
- Nav-kontora
- Rapporteringsfrist:
- 1. februar 2020 23:59