Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Tilskot til psykolog i kommunal helse- og omsorgsteneste

Søknadsfrist:
10. februar 2019 23:59
Målgruppe:
Kommunar
Ansvarleg:
Helsedirektoratet v/Fylkesmannen
Kven kan søke:
Kommunar; ved Helse- og omsorgstenesta

Med atterhald om Stortingets budsjettvedtak er det utlyst tilskot til psykologstillingar 2019.

Publisert 30.11.2018

Lovkrav om at kommunane skal ha psykologkompetanse trår i kraft frå 2020. Tilskotsordninga er eit sentralt verkemiddel for å auke rekrutteringa og bidra til at psykologkompetanse vert tilgjengeleg over hele landet ved innføring av lovkravet.

Rekruttering av fleire psykologar i kommunale helse- og omsorgstenester er ein av regjeringas satsingar for å styrke kvalitet og kompetanse i det tverrfaglege arbeidet innan psykisk helse og rus, vald- og traumefeltet. Det har vore sterk auke i talet på psykologar dei siste åra. Samtidig er det framleis mange kommunar som ikkje har psykologkompetanse. 

I 2019 er tilskotsbeløpet styrka med 50 mill. kroner, og det vert difor lagt til rette for at alle kommunar kan få tildelt tilskot før lovkravet trer i kraft. 2019 er siste året det er mogeleg for kommunane å søke om tilskot. Frå 2020 vert midlane lagt  inn i kommunens frie inntekter.

Kommunar som tidlegare ikkje har mottatt tilskot vert prioriterte.

Søknadsfrist:
10. februar 2019 23:59
Målgruppe:
Kommunar
Ansvarleg:
Helsedirektoratet v/Fylkesmannen
Kven kan søke:
Kommunar; ved Helse- og omsorgstenesta