Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Varslingsrutinar for flaum og jordskred

NVE har oppmoda oss om å minne om rutinane for varsling av flaum og skred. I sommar har det vore, og er, ustabile luftmassar over store delar av landet. Slike situasjonar fører ofte til kraftige lokale byer, med fare for flaum og jordskred, som i Utvik og Breim 24. juli.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.08.2017

Når det er venta byer med kraftig nedbør i eit område (eitt eller fleire fylke), vert det varsla i form av OBS-varsel frå Meteorologisk institutt (MET) i samarbeid med NVE. OBS-varselet vert publisert både på yr.no og varsom.no. Det informerer om at det er fare for lokal overfløymingar, overvatn i tettbygde område, vann på avvege, endringar i bekkar og elveløp og auka skredfare.

Det er eit problem at slike varsel er veldig upresise geografisk, fordi det er svært vanskeleg å sjå på førehand akkurat kvar dei kraftigaste byene vil treffe. Kor alvorlege konsekvensane vert er òg avhengig av skadepotensialet der dei kraftigaste byene treff.

I dei fleste slike tilfelle ikkje vil være grunnlag for å gå ut med et regionalt varsel for flaum og jordskredfare. NVE trur likevel at det kan ha ein verdi å verte gjort merksam på vêrsituasjonar som har eit potensiale for kraftige byer, som i enkelte tilfelle kan få alvorlege konsekvensar heilt lokalt.

Frå første mai i år har ei abonnementsordning erstatta ordninga med e-postvarsling via Fylkesmannen på gult nivå. Det er nødvendig å registrere eit abonnement for å få varsel (på e-post og/eller SMS med lenke til varselet på Varsom.no). Den som kryssar av for oppdatert/ekstra informasjon, vil få OBS-varsel som nemnt ovanfor. Vi støttar oppmodinga frå NVE om at kommunane teiknar abonnement, og sjekkar om det dekker behovet. Det kan gjerast her: https://abonner.varsom.no.

NVE sender framleis regionale varsel på oransje og raudt nivå til Fylkesmannen, som igjen sender det vidare til kommunane og andre relevante aktørar. 

Les gjerne artikkelen på Varsom.no om ustabile luftmassar og kraftige byer.

Kontaktpersonar