Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Rår ifrå ulovlege tiltak på hyttetomt i Fjaler

Fylkesmannen vurderer det slik at dei ulovlege tiltaka på ei hyttetomt i strandsona ved Folkestad gjev negative verknader for naturmiljø, friluftsliv og landskap, og at vilkåra for å gje dispensasjon ikkje er oppfylte.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.06.2018

Vi har hatt på høyring ein søknad om dispensasjon frå gjeldande reguleringsplan, og frå byggeforbodet langs sjø, for ettergodkjenning av ulovleg utførte tiltak på hyttetomta. Dispensasjonssøknaden gjeld, slik vi har forstått det, sprenging, utfylling og muren/plattingen som hytta er oppført på.

Bilete frå synfaringa 06.03.2018 der Fylkesmannen vart invitert til å delta som observatør saman med formannskapet. Foto: Tom Dybwad

Ved høyring av dispensasjonssøknadar om ettergodkjenning av ulovleg utførte tiltak skal Fylkesmannen som høyringspart og sektorstyresmakt vurdere søknaden som om dei ulovlege tiltaka ikkje allereie er utførte.

100-metersbeltet langs sjøen har fått eit særskilt vern som er direkte nedfelt i § 1-8 i plan- og bygningslova. Dette tilseier at dispensasjonspraksisen i strandsona skal vere streng. I fråsegna vår dagsett 22.05.2018, peiker vi på at dei omsøkte tiltaka vil vere i strid med omsyna knytt til byggjeforbodet langs sjø, og då spesielt omsyna til naturmiljø, friluftsliv og landskap. Fylkesmannen vurderer det slik at vilkåra i lova for å kunne gje dispensasjon ikkje er oppfylte. Etter vårt syn bør ikkje kommunen gje løyve til tiltak utover det reguleringsplanen opnar for i området. Vi ber i tillegg kommunen vurdere eventuelle presedensverknadar for andre liknande saker, særleg sett utifrå at tiltaka alt er gjennomførde.

Vi peikar i fråsegna òg på at kommunen på generelt grunnlag i utgangspunktet har plikt til å forfølgje ulovlege tiltak etter plan- og bygningslovgjevinga.

Fjaler kommune må ved behandlinga av saka ta stilling til fråsegna vår, og om dei er samde i våre vurderingar av søknaden eller ikkje. Etter behandlinga sender kommunen kopi av vedtaket sitt til oss.

Viss kommunen gjev dispensasjon, trass i Fylkesmannen si fråråding, vil vi måtte vurdere å klage på vedtaket. Dersom vi påklagar eit eventuelt positivt dispensasjonsvedtak, og kommunen ikkje tek klaga til følgje, går saka til ein setjefylkesmann for endeleg avgjerd.