Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Ulovlegoppfølging etter plan- og bygningslova

Fylkesmannen er klageinstans for kommunale vedtak om ulovlegoppfølging. Vi kan som klageinstans ikkje uttale oss om resultatet i saker vi seinare kan få til avgjerd, berre gje generelle råd og rettleiing om regelverket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.12.2015

Det er først og fremst tiltakshavar sjølv som er ansvarleg for å byggje lovleg. Reglane om arealbruk og byggetiltak i plan- og bygningslova er utforma med tanke på at ein skal kunne ha tillit til at folk byggjer lovleg. Reglane om ulovlegoppfølging skal sikre at systemet fungerer i praksis.

Det er kommunen som pliktar å følgje opp ulovlege forhold etter plan- og bygningslova. Plikta gjeld brot både på reglar om kva som er lov, og reglar om korleis tiltak skal handsamast. Statlege styresmakter har høve til å følgje opp ulovlege forhold ved å gje pålegg mv., men dette bør berre skje i spesielle tilfelle.

I praksis er det vanleg at den som står bak det ulovlege tiltaket får høve til å rette opp i forholdet ved å søkje i ettertid. Søknaden skal då handsamast som om tiltaket ikkje er oppført.

Når kommunen vel å følgje opp eit ulovleg tiltak, kan den oppfølginga rettar seg mot klage på vedtaket til Fylkesmannen.

Eit kommunalt vedtak om ikkje å følgje opp ulovlege tiltak er ikkje eit vedtak som kan klagast på. Kommunen har likevel berre høve til å late vere å følgje opp ulovlege tiltak dersom dei er av mindre betyding.

Reglar om ulovlegoppfølging finn du i plan- og bygningslova kapittel 32.