Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Fylkesmannen har stadfesta plan for Håbakken Næringspark

Lærdal kommune godkjente den 9. februar del II av områdereguleringa for Håbakken Næringspark. Fylkesmannen har stadfesta kommunen sitt vedtak. Områdeplanen opnar ikkje for konkrete industritiltak, som eventuelt må utgreiast vidare gjennom eigne detaljplanar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.08.2017

Håbakken Næringspark er eit større planarbeid for framtidig næringsutbygging på Håbakken i Lærdal. Det samla planområdet er på 220 dekar og ligg fem kilometer søraust for Lærdalsøyri, ved tunellinnslaget for Lærdalstunellen. Næringsarealet er delt opp i to områdereguleringsplanar, del I og del II.

Kjelde: Lærdal kommune

Lærdal kommunestyre godkjente områdeplan for del II av Håbakken den 9. februar i år. Området er ikkje tidlegare regulert for utbyggingsformål. Formålet har derfor vore å avklare kva rammer og føresetnader som gjeld for framtidige næringsetableringar, og kva krav kommunen kan stille til dei som skal inn i området. Kommunen har også lagt vekt på at området skal verte eit samanhengande og attraktivt næringsareal for større verksemder.

Lærdal Elveeigarlag og fire grunneigarar klaga på vedtaket om del II, særleg ut frå jordvern-, naturmiljø-, landskaps- og fiskeinteresser. I tillegg har det vore kjent gjennom media og elles, at verksemdene Ecoinwaste AS og SIMAS Næring AS har synt interesse for næringsområdet, og at det er utarbeidd skisseprosjekt for produksjonsanlegg for trepellets med forbrenningsanlegg for avfall. Verknaden av ei slik, konkret etablering er ikkje vurdert i områdeplanen, og klagarane protesterte derfor på planarbeidet.

Fylkesmannen har handsama klagene og kome til at områdeplanen er forsvarleg opplyst. Dei areal- og lokalpolitiske vurderingane og konklusjonane som er gjort, ligg også innanfor kommunen sitt handlingsrom. Ulempene ved å byggje ut området er vurderte opp mot samfunnsinteressene ved å kunne tilby nytt næringsareal, og kommunen har lagt stor vekt på desse interessene. Fylkesmannen har også lagt vekt på omsynet til det lokale sjølvstyret, og har derfor stadfesta planen for delområde II.

Ein vesentleg del av klagene gjeld ulemper ved framtidig drift på næringsområdet, og til moglege konkrete etableringar. Dette er forhold som vil vere avhengig av kva type næring som vert etablert i medhald av planen, noko som ikkje er avgjort enno. Områdeplanen for Håbakken del II er ein fleksibel, overordna plan som opnar for mange typar areal- og transportkrevjande næring. Det er derfor sett krav om ytterlegare detaljregulering og -utgreiing, ut frå kva type næringsverksemd som vert aktuell i framtida. Kravet om detaljregulering vil sikre at dei utgreiingane klagarane etterlyser, blir gjort og tekne stilling til før utbygging av næringsområdet. For å sikre dette ytterlegare har Fylkesmannen endra planføresegnene, slik at krav om detaljregulering ikkje berre gjeld for industri, men all arealkrevjande næring i felt BN1.

Områdeplanen for Håbakken del I, som ligg sør for del II, vart lagt til nytt offentleg ettersyn av kommunen den 3. juli, med høyringsfrist til 21. august. Plandokumenta for dette arbeidet er framleis tilgjengelege på Lærdal kommune sine nettsider. Lenkje finst i høgre kolonne.