Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Stadfestar dispensasjon for rekkehus i Førde

Førde kommune gav den 17.09.2015 dispensasjon for oppføring av eit rekkehus med fire bueiingar. Tiltaket utløyste krav om detaljreguleringsplan, og utbyggjaren har fått fritak frå dette kravet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.07.2016

Arkitektkontoret Xform AS søkte i desember 2014 om fritak frå krav om detaljregulering i kommuneplanen. Formålet slike detaljplanar er normalt å ivareta heilskapen i tettbygde buststadområde, og å sikre at kommunen får forsvarlege og gode bu- og oppvekstmiljø.

Byggjetomta for rekkehuset var berre om lag 540 m2 stor, og dette gjorde at utnyttingsgraden vart relativt høg. Reguleringsplanane for området var derimot gamle, og dei hadde ikkje har føresegner om kor høg tomteutnyttinga kunne vere. Xform AS hadde også tidlegare søkt om å få bygge tre-etasjars einebuster på tomta, men etter klage frå naboane kom Fylkesmannen i 2012 til at avviket frå reguleringsplanen då var for stort. Dei same naboane klaga på nytt då kommunen gav dispensasjon for rekkehuset i september 2015.

Trass i at plankravet i kommuneplanen er fastsett så nyleg som mai 2015, kom Fylkesmannen til at omsyna bak kravet ikkje vart vesentleg sett til sides i denne saka. Fylkesmannen la mellom anna vekt på at tiltaket var tilfredssillande tilpassa rekkehusa på begge sider av tomta, og at tiltaket no var planlagt med to etasjar. Arealformålet for eigedomen var byggjeformål for bustader, og tiltaket kunne ikkje plasserast lågare i terrenget. Fylkesmannen kunne derfor ikkje sjå at rekkehuset gav uakseptable ulemper for innsyns-, utsikts- eller lysforhold, og hadde heller ikkje merknader til kommunen si vurdering av dei lokale trafikkforholda.

Fylkesmannen la elles stor vekt på at fortetting i dei sentrumsnære bustadområda er ei ønska arealutvikling i Førde kommune. Etter ei samla vurdering kom Fylkesmannen derfor til at fordelane ved å dispensere var klart større enn ulmepene, og stadfesta kommunen sitt vedtak.