Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Reguleringsplan for gang- og sykkelveg langs Vievegen

Førde bystyre godkjente den 16. februar plan for ny gang- og sykkelveg langs fv. 484 Vievegen. Tiltaket er prioritert i Førdepakken og vil bli del av ein ny sykkelhovudveg sentralt i Førde. Helse Førde HF klaga på avgjerda, men Fylkesmannen har ikkje teke klagen til følgje.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.09.2017

Førdepakken er eit bompengeprosjekt som omfattar 20 trafikale statsingar i Førde, med eit samla budsjett på 1,65 mrd. kroner. Gang- og sykkelvegprosjektet i Vievegen er eitt av desse tiltaka, og målsettinga med planen er å bidra til eit samanhengande sykkelvegtilbod. Gang- og sykkelvegen vil bli lagt langs eksisterande fv. 484, og kjem derfor inn i den forskriftsverna sjukehusparken for Førde Sentralsjukehus. Inngrepet i parken utgjer 250 meter i lengderetninga, og fører mellom anna til at enkelte tre må fellast.

Illustrasjon - kjelde, Statens vegvesen

Av dei fem ulike løysingane kommunen vurderte, vart to alternative traséval lagt ut til offentleg ettersyn. Alternativet som vart valt er det trafikalt sett gunstigaste, men medfører også størst inngrep i sjukehusparken. Helse Førde HF klaga derfor på vedtaket. Klagen gjaldt vernestatusen til parken, i tillegg til den negative verknaden inngrepet kan få for pasientar og pårørande ved sjukehuset.

Kommunen vurderte klagen, men la avgjerande vekt på å kunne realisere dei overordna måla for Førdepakken og sykkelbyen Førde. Kommunen la også vekt på at Riksantikvaren ikkje hadde motsegn mot sykkelvegen, medan Statens vegvesen hadde varsla motsegn mot andre og meir kostbare løysingar. Fylkesmannen har kome til at reguleringsplanen er forsvarleg opplyst og at dei avvegingane som er gjort, ligg innanfor kommunen sitt mynde som planstyresmakt.

Fylkesmannen har også peika på at kulturminnelova og plan- og bygningslova er uavhengige av kvarandre. Inngrep i parken kan derfor framleis ikkje gjerast utan at kommunen får samtykke eller dispensasjon med heimel i kulturminnelova. Det er Riksantikvaren som har mynde til å gje slikt samtykke, og dette gjeld sjølv om arealet er avsett til sykkelveg i ein reguleringsplan.