Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Reglar for oppstartsfasen i reguleringsplanarbeid

Ved nyttår vart forskrift om behandling av private forslag til detaljregulering etter plan- og bygningsloven sett i kraft. Målet er rask, effektiv og føreseieleg sakshandsaming med god kvalitet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.04.2018

Plan- og bygningslova vart 1. juli i fjor endra, slik at oppstartsmøtet fekk større betydning i oppstartsfasen. Forskrifta gir utfyllande reglar om gjennomføring av oppstartfasen for å medverke til meir effektive planprosessar. Betre samarbeid og meir føreseielegheit for dei involverte aktørane skal gje tidlegare avklaring og raskare og betre sakshandsaming.

Forskrifta set krav til innhaldet i planinitiativet som skal sendast kommunen før planoppstarten.

Alt som er nødvendig for å klargjere føresetnadene for det vidare planarbeidet og utforminga av det endelege planframlegget, skal etter forskrifta handsamast i oppstartsmøtet.

Referatet frå oppstartsmøtet skal gje tydelege rammer for det vidare planarbeidet, både når det gjeld framdrift, dokumentasjon og utforming av planen.

Usemje mellom forslagstillaren og kommunen skal gå fram av referatet, og forslagsstillaren kan krevje at dette vert lagt fram for og vurdert av kommunestyret eller eit politisk utvalg som har fått delegert kompetansen.

Reglane i tidlegare forskrift 11. juni 2010 nr. 815 om tidsfrister, og sanksjoner ved overskridelse av fristene for private forslag til detaljregulering etter § 12-11 i plan- og bygningsloven, er innarbeidde i den nye forskrifta.

Lenke til forskrifta og brevet frå departementet om forskrifta finn du til høgre på sida.