Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Avgjerd i klagesak om flystøy i Bergen

Bergen kommune gav i august 2015 dispensasjon og løyve til ein ny bustad i bydelen Ytrebygda, innanfor «gul støysone» for flystøy. Fylkesmannen i Hordaland har fått medhald i at løyvet vert oppheva, men ikkje i at reglane i byggteknisk forskrift gjeld føre støyføresegnene i kommuneplanen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.11.2016

Det var ein privat tiltakshavar som mars 2012 første gong søkte om oppføring av bustad på Mildehalvøya i Ytrebyda bydel. Støyvurderingane på tomta viste at det utandørs støynivået kunne komme opp i 58 desibel, medan det høgste tillatane nivået i kommuneplanen var 55. Kommunen oppheva derfor løyvet til bustaden i januar 2014, men godkjente likevel bygging etter klage frå tiltakshavaren.  

Kommunen sin dispensasjon frå kommuneplanen vart klaga på av Fylkesmannen i Hordaland. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er einig med klagaren i at det ikkje er grunnlag for å vike frå støygrensene i kommuneplanen, sidan desse nivåa er sett for å førebyggje helseplager blant befolkninga.  

 

Fylkesmannen i Hordaland meinte også at støygrensene i byggteknisk forskrift gjaldt, sjølv om kommuneplanen for Bergen opna for 3 dB høgare støybelastning enn i forskrifta. Sektorstyresmaktene fekk ikkje medhald i dette. Vi har vist til at kommuneplanen er blitt til etter ein omfattande demokratisk prosess, der også statlege styresmakter har fått høve til å medverke. Planføresegnene i kommuneplanen er også klare på at 55 desibel er akseptabelt gjennomsnittleg støynivå for uteareal. Privatpersonar skal då kunne innrette seg etter det.

Kommuneplanen for Bergen byggjer på støyprognosar frå 2007, og det er desse prognosane som søknaden i utgangspunktet vart vurdert etter. Kommunen kan likevel legge til grunn nyare prognosar, dersom ny fagkunnskap tilseier at støyforholda er annleis enn det ein har gått ut frå i kommuneplanen. Er forholda blitt betre, kan dette vere ein grunn til dispensasjon frå plan. Er tilhøva blitt vesentleg ringare, kan det også hende at kommunen må avslå tiltak i område som er «friskmelde» i kommuneplanen. Grunnen til dette er at kommunen er også er bygningsstyresmakt. Kommunen har såleis alltid ansvar for å ikkje gje løyve til bygging, utan at det er tilstrekkeleg tryggleik mot vesentlege miljøulemper. 

Tiltaket på Mildehalvøya hadde likevel støynivå over grensene i både kommuneplanen og byggteknisk forskrift, også ut frå dei nyaste prognosane. Ettersom kommuneplanen alt opna for ei auke samanlikna med forskrifta, må ytterlegare avvik vurderast strengt. Kommuneplanen er også utarbeidd for å kunne ta høgde for framtidige utvidingar av Flesland, utan at bustadutbygginga i mellomtida skal gjere det vanskelegare med slike tiltak. Vi har derfor omgjort kommunen sin dispensasjon til avslag, og oppheva løyvet for bustaden på Mildehalvøya.